Rådgiving for syn og høyrsel
Syns- og høyrselskontakta kan hjelpa deg som har nedsett syn eller høyrsel med å finne gode løysingar eller hjelpemiddel, for å mestre kvardagen.
Synskontakten kan òg hjelpa med å søkja synshjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.
Kva kan du få?
- Hjelp til kartlegging av kva hjelpemiddel du kan ha behov for.
- Informasjon og rettleiing om tekniske hjelpemiddel.
- Hjelp til å søkja om hjelpemiddel.
- Oppfølging når behova endrar seg.
- Ein kontaktperson mellom deg og hjelpeapparatet.
Kven kan få tilbodet?
- Personar som er innvilga høyreapparat frå folketrygda.
- Personar som har konstatert eit høyrselstap hos legen og som ikkje brukar høyreapparat.
- Personar som er svaksynte eller synshemma, personar som har andre alvorlige synsdefektar som reduserer synsfeltet. Årsaka til nedsett syn må diagnostiserast av augelege.
Søk om tenesta
Kontakt til syns- og høyrselskontakt kan kome frå heimetenesta, NAV- hjelpemiddelsentral, fastlege eller augelege.
Sist endra 21.11.2024 15.11