Tilbodet skal bidra til å avklare behov, ressursar og vidare oppfølging etter sjukehusopphald. Målet er å finne gode løysingar og rett hjelp til rett tid. For nokre vil opphaldet vere eit steg på vegen heim, medan andre kan ha behov for vidare kommunale tenester.
Avdelinga ligg på Åse helsehus og har 12 plassar. Tilbodet er for personar med registrert bustadsadresse i Ålesund kommune.
Kva kan du få hjelp til?
- vurdering og oppfølging etter sjukehusopphald
- avklaring av vidare behov for hjelp og tenester
- behandling og pleie i ein overgangsperiode
- planlegging av vidare oppfølging i kommunen
Korleis får du plass?
Avklaringsavdelinga samarbeider med tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester, som har ansvar for inntak og utskriving av pasientar.
Tilbodet blir kun gitt til dei som har registrert bustadsadresse i Ålesund.
Kva kostar det?
Det er eigenbetaling for opphald ved avdelinga. Prisen blir fastsett av kommunestyret og regulert årleg.
Kontakt