Ergoterapi for barn og unge
Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats, for å framme aktivitet, deltaking og inkludering for mennesker med ulike utfordringar i kvardagslivet. Barn og unge utviklar seg og lærer ting gjennom leik og aktivitet, i samspel med sine omgjevnader.
Mange blir hindra i å delta i leik og fritidsaktivitetar i skule og nærmiljø, fordi dei ikkje meistrar dei krava og forventningane som blir stilt til dei. Tidleg innsats er viktig for å sikre ei god utvikling og krev tett tverrfagleg samarbeid. Oppfølging kan vere på helsestasjon, i barnehage, skule og heime for barn som opplever vanskar med aktivitet.
Kva tilbyr vi?
Dette kan ein ergoterapeut bidra med:
- Ergoterapeutar gjer kvardagslivet mogeleg for enda fleire.
- Ergoterapeutar finn løysingar når det blir et gap mellom helsa og kvardagens krav.
- Ergoterapeutar er meir opptatt av løysingar enn av problem, og leitar etter ressursar. Difor startar ergoterapeuten med å spørje om kva som er viktige aktivitetar i livet ditt – og korleis du vil delta.
- Ergoterapeutar kartlegg personens ønskjer og mogelegheiter for aktivitet og deltaking. Ergoterapeutar støttar deretter personen si meistring med motivasjon og trening av konkrete aktivitetar.
- Ergoterapeutar foreslår enklare aktivitetar og tilpassing av aktivitetar. Vi bidreg til inkluderande omgivnader. Saman med deg, finn ergoterapeuten løysningar som gjer at du kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet.
Ergoterapeuten:
- Har kompetanse på samspel mellom person, aktivitet og omgjevnader som bidrar til deltaking og inkludering.
- Kartlegg barnet sine ressursar og utfordringar i daglege aktivitetar i skule og fritid, gjerne i samarbeid med fysioterapeut. Vidare kartlegg ergoterapeutane handmotorisk og sansemotorisk funksjon.
- Nytter aktivitet og leik i trening for å bidra til meistring i dagleglivet.
- Rettleier barnet, ungdommen, føresette, barnehage og skule om leik, kvardagsaktivitet, deltaking og inkludering på ulike arenaer.
- Kartlegg og legg til rette omgjevnader for å kompensere for redusert/tapt funksjon.
- Legg til rette dei fysiske omgjevnadene ved hjelp av tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi.
- Rettleier om universell utforming av blant anna skular og barnehagar.
Korleis få tenesta?
Søk via HelsaMi
eller
Søk tilvising ergo- og fysioterapi for barn
- Tilvisingsskjema fyllast ut av deg sjølv, pårørande eller helsepersonell og sendast til tenesta. Føresette kan òg ta kontakt med barnet sin helsestasjon for å få kontaktinfornasjon til ansvarleg ergoterapeut.
- Tilvisingar som kjem inn til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå alvorsgrad og hastegrad, etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommuna.
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for brukarens funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med kort venta levetid/i terminal fasen.
- Personar med brått funksjonstap og/eller akutte behov.
- Akutte overgangsfasar.
Max ventetid: 7 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å setja brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå, og hindre ytterlegare funksjonstap.
Problemstillingar:
- Personar med akutt sjukdom/ skade/ liding, der funksjon eller smertetilstanden vil bli vesentleg dårlegare dersom ein ikkje set i gang tiltak.
- Ved alvorleg sjukdom når tiltak i stor grad er retta mot lindring, eigenaktivitet eller sosial deltaking.
- Personar med brått funksjonstap.
- Personar som er i overføringsfasar mellom spesialisthelsetenesta og kommune- helsetenesta, der tiltak må starte med ein gong.
Max ventetid: 14 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med nyleg funksjonstap.
- Personar med kronisk sjukdom/ funksjonsvanskar i fasar med forverring.
- Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente.
Max ventetid: 30 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente.
Problemstillingar:
- Personar med funksjonsproblem/ kronisk sjukdom i stabil fase.
- Personar i planlagde overføringsfasar. Oppfølging er nødvendig, men kan planleggast i god tid.
Max ventetid: 90 dagar
Pris
Tenesta er gratis.
Kontakt
Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46. Måndag – fredag kl 10.00 – 13.00