Trinn 10: Samlokaliserte bustader med personalbase

Innbyggarar som har vedvarande behov for døgntenester, får tilgang til tilrettelagt bustad der det er individuelt tilpassa tilgang på tenester med spesialisert fagkompetanse.

Utsikt fra Molja i Ålesund til trehus i Molovegen - Klikk for stort bilete

Buforma gjer det mogleg å leve eit sjølvstendig liv i eigen heim – og samtidig oppleve tryggheit og god livskvalitet​.

Ålesund kommune tilbyr samlokaliserte bustader med fellesareal og areal for personalbase som:

  • Støttar opp under den enkelte si evne til meistring og sjølvstendigheit​​ ​
  • Stimulerer til god helse, sosiale fellesskap og livskvalitet​
  • Gir tilgjengelege og oppsøkande tenester der innbyggaren bor ​​​
  • Sikrar rett og spesialisert kompetanse ut frå funksjonsnivå og behov​​​
  • Mogleggjer ein sjølvstendig kvardag utanfor foreldreheimen for unge innbyggarar med funksjonsnedsettingar når dei er klare for det​
  • Gir tryggheit for framtida for foreldre til barn med funksjonsnedsettingar​

Bustad, bufellesskap og bukollektiv til ​personar med

  • samansette behov/utfordringar​
  • demenssjukdom​
  • utviklingshemming og nedsett funksjonsevne​
  • rus og samtidig psykiske utfordringar ​
  • rehabiliteringsbehov rus​
  • psykiske lidingar – bustader​

Digitale løysingar

  • Tryggleiks- og varslingsanlegg
  • Velferdsteknologi tilpassa behova til tenestemottakar