Vaksine mot influensa

Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din.  Har du ikkje fastlege kan du ta vaksinen hos eit apotek eller bestille time hos oss. Hos oss koster influensavaksinen 350,-.

Kven bør ta influensavaksine?

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine.

Bestill vaksinetime hos fastlegen din

 Finn kontaktinformasjon til ditt legekontor her. 

Kontakt fastlegen for å gjere avtale om tid for vaksinasjon. For nokre legekontor finn du eigen informasjon under. 

Skodje legekontor

Ta kontakt med Skodje legekontor på 70 24 40 60 eller sjølv reserver avtale ved å logge inn på helsenorge.no/timeavtale.

Nokre apotek kan også tilby vaksine mot influensa. Ta kontakt med ditt næraste apotek. 

Har du ikkje fastlege? Bestill time

Vend deg først til fastlegen din, har du ikkje fastlege har vi ein flott kommunal vaksinestasjon. Du kan bestille time til vaksinering frå 15. oktober, på Moa helsehus (2. etasje). Her kan du også samtidig ta vaksine mot korona ønsker du det. 

Influensavaksinen hos oss har ein sum på 350,-, mens koronavaksinen er gratis. 

Bestill time i Helsboka

Om du treng hjelp, kan du kontakte Innbyggartorget.

Avbestille time?

Logg inn i Helseboka og avbestill. 

Meir informasjon