Om helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod til deg mellom 13-25 år som oppheld deg i Ålesund kommune.
Sist endra 25.03.2025 12.06
- Drop-in eller book time sjølv på førehand
- Timebestilling kun ved uttak av p-stav og ved innsetjing/uttak av spiral
- Time bestilles på tlf. 40823517 - telefonen er betent i HFU si opningstid
- Opningstid HFU Moa er onsdagar og torsdagar frå kl. 14.30 til 19.00 (lege til stades klokka 16.00 til 19.00)
- Du kan få gratis kondomar på HFU
Du finn HFU på Moa:
Moa Helsehus, 2. etasje. Inngang sør (same inngang som Moa legesenter).
Tlf.: 40 82 35 17
- I feriar og ved høgtider kan det bli annonsert andre opningstider.
- Følg oss på Facebook
- Følg oss på Snapchat!
Skann biletet i snapchatVi som jobbar her er vant til å prate om det meste, også det som er vanskeleg og utfordrande. Aktuelle tema du kan snakke med oss om, kan til dømes vere:
- Prevensjon og nødprevensjon
- Graviditet og graviditetstest
- Abort
- Kjønnssjukdommar
- Sjølvskading
- Kroppsfokus
- Kjønnsidentitet
- Vald og overgrep
- Omskjæring
- Rusmiddel
Brosjyren til ung.no kan vere nyttig for deg (PDF).
Ansvarleg for tenesta
Helsestasjonstenester