Helsestasjon for flyktningar tilbyr deg:
- Ei gratis helseundersøking i løpet av dei tre første månadene etter at du kjem til Norge
- Hjelp til riktig oppfølging og førebygging av uheldig utvikling
- Oppfølging jamfør helsestasjonsprogrammet
Helseundersøkinga er frivillig og utførast i den kommunedelen du bor. Det er som oftast helsesjukepleiar som utfører helseundersøkinga.
Helsepersonell har teieplikt. Det betyr at opplysningane du gir om deg sjølv, eller dine barn ikkje blir delt med andre. Dersom det er nødvendig å dele helseopplysningar, vil du bli spurt om du samtykker til dette.
Kven kan få tenesta?
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
For personar over 18 år utan lovleg opphald, gir lova berre rett på akutt helsehjelp.
Helsestasjon for flykningar hjelper deg med:
- Å oppdage sjukdommar/plager/traume hos både barn og vaksne
- Foreldrerettleiing
- Å bli kjent med det norske hjelpeapparatet
- Informasjon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting
- Å handtere negativ sosial kontroll
- Rettleiing i forhold til å vekse opp med to kulturar
Kor finn du tenesta?
Du som er busett i Ålesund sentrum, i Moa-området eller i Blindheim-området finn tenesta på Sentrum helsestasjon, Korsegata 4 b, 1. etasje. Telefon: 70 16 43 20
Du som er busett i Skodje, Ørskog eller Sandøy kan ta kontakt på Innbyggartorget på telefon 70 16 20 00 måndag - fredag mellom kl. 09.00 - 14.00 (telefontid).
Ansvarleg for tenesta
Helsestasjonstenester