Kurstilbod

Ålesund kommune har tilbod om ulike kurs til deg som vil bli tryggare i foreldrerolla og som omsorgsgivar.

Gruppekurs

Foreldrekurs - Circle of security (tryggleikssirkelen)

COS-P kurs passar for alle foreldre.  Sjå korleis tryggleikssirkelen kan hjelpe dykk: film

Meld dykk på til: jeanette.elin.granmo.kobbevik@alesund.kommune.no  Sjå brosjyre om COS-P kurs (PDF, 201 kB)

Kurset går over åtte gruppetreff på ca. 1,5 timar per gong. Du må ha anledning til å ta del på alle treffa for å kunne melde deg på.

Foreldergruppe

Eit gruppetilbod der de kan snakke om store og små utfordringar i kvardagen.  Som deltakar i ei foreldergruppe får ein fagleg påfyll og moglegheit til å treffe andre foreldre i same situasjon. Saman kan de utveksle erfaringar og me gir dykk faglege innspel som kan opplevast nyttig.  Meld dykk på til: jeanette.elin.granmo.kobbevik@alesund.kommune.no 

Gruppetilbodet byggjer på ICDP (International Child Development Programme) som er eit foreldrerettleiingsprogram som tek utgangspunkt i «8 tema for godt samspel», meint som eit verktøy for å gjøre deg tryggare i foreldrerolla. 

Digitale kurs for foreldre