Kva skjer i heimebesøket?
Gjennom førebyggjande heimebesøk ønskjer vi å styrke dine moglegheiter til å bu trygt heime lengst mogleg, og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Tema i samtalen med ein geriatrisk sjukepleiar er tilpassa deg og dine behov, og kan til dømes vere:
- Tilbod og aktivitetar i Ålesund kommune
- Kvardagsliv og sosialt nettverk
- Eigne ressursar og meistring
- Fysisk aktivitet
- Kosthald
- Tryggheit i heimen
- Buforhold
- Hjelpemiddel
Vi som kjem på heimebesøk er geriatriske sjukepleiarar. Som helsepersonell har vi teieplikt.
Kvifor heimebesøk?
Du som no er frisk og greier deg utan hjelp, kan få råd og tips som kan komme til nytte i framtida. Ved behov for tenester eller hjelpemiddel kan vi hjelpe til i søknadsprosessen.
Du kan også gi oss innspel til korleis kommunen kan vidareutvikle helsefremmande tiltak.
Pris
Dette er et lavterskeltilbod til heimebuande eldre og pårørande.
Tilbodet er gratis.
Vil du vite meir/ta kontakt?
Både seniorar og pårørande kan ta kontakt dersom dei har spørsmål. Geriatrisk sjukepleiar tar sjølv kontakt med personar over 75 år.