Sommerfuglen Aktivitet er eit samarbeid mellom Mental Helse og Ålesund kommune, med tilhald på Skodje. Her kan alle som har lyst, kome innom for ein kopp kaffi, ein prat eller anna sosialt samspel.
Du kan gjerne ta med deg handarbeid, eller bli med på noko av det vi i fellesskap kjem til å finne på. Praten sit løyst og takhøgda er stor – her er det rom for absolutt alle.
Å vere med på Sommerfuglen aktivitet er sjølvsagt heilt frivillig. Du kan kome innom når du vil i opningstida, og gå når du måtte føle for det.
Vi held ope måndag - fredag frå kl. 10:00 - 15:00, samt onsdagskveld frå kl.17:00-20:30.
Kontakt