Startlån og bustønad, tilskot til prosjektering og tilrettelegging av bustad

Startlån og tilskot frå kommuna kan hjelpe deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Startlån og bustadtilskot til etablering

Startlån frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt vanskar i lang tid med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Det fins to typar startlån: 

  1. Ordinært startlån er for deg som treng ein god og trygg bustad, men som ikkje får bustadlån i privat bank. Du treng ikkje å ha eigenkapital for å få dette lånet. 
     
  2. Startlån til førstegongsetablerarar er for deg som skal kjøpe din første bustad. Du må ha minst fem prosent eigenkapital, og du får ikkje bustadlån i privat bank.

 Les meir om startlån på Husbanken sine nettsider.

Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge utgifter til bustad. 

Her finn du ut om du er i målgruppa
Her kan du beregne om du kan få støtte

Husbanken og kommunen samarbeidar om bustønad-ordninga. Husbanken gjer vedtaket, men det er kommunen som registrerar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar. 

Slik søker du bostøtte

Tilskot til tilpassing av bustad

Du kan søke om tilskot for å tilpasse bustaden slik at du kan fortsette å bu i den, om du har nedsett funksjonsevne.

Tilskotet kan brukast til enkle tiltak som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men òg til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i høve til ei funksjonsnedsetting.

Tilpassinga må vere føremålstenleg, fungere over tid og ha samanheng med funksjonsnedsettinga.

Lese meir om tilpassing av bustad på Husbanken sine nettsider.

Sjå dine bustadlån frå kommuna

Har du lån i Ålesund kommune, har du tilgang til MinSide hos Intrum Låneadministrasjon.

Her kan du få:

  • Oversikt over innbetalingar
  • Nedbetalingsplan
  • Kontoutskrift
  • Årsoppgåve
  • AvtaleGiro
  • Utsette betaling
  • Endre forfallsdato
  • Kontakte Intrum låneadministrasjon

MinSide fungerar både på mobil, nettbrett og datamaskin. Du må ha BankID som autentisering for å logge på.

Du loggar inn på MinSide her: Låneadministrasjon

Her finner du artikkelen på bokmål (PDF, 43 kB)