Logopedteneste for barn og ungdom

Eit logopedisk lavterskeltilbod inneberer ei rask og relevant hjelp med fokus på tidleg innsats. Tilbodet skal vere lett tilgjengeleg, vere i eit mindre omfang og utan lang saksbehandlingstid.

Kven er lavterskeltilbod for?

Lavterskeltilbud er for barn og unge som strever med

  • Språklydvanskar (frå fylte 4 år)
  • Stamming/taleflytvanskar (uavhengig av alder)
  • Munnmotoriske vanskar (uavhengig av alder)
  • Stemmevanskar (uavhengig av alder)

Barn som har språklydvanskar må vere fylt 4 år før dei kan verte vist til logoped. Barnet sitt behov for logopedhjelp for språklydvanskar vert vurdert ut frå kva som er innanfor normalområdet for alderen, det vil seie når det er forventa at eit barn skal meistre dei ulike språklydane.

Oversikta over den normale språklydtileigninga er slik (Preus, 1982):

Logopedi for barn og ungdom - den normale språklydtileigninga
Alder Lyd
3 år Vokalene og /m/, /p/ og /h/
4 år /n/, /t/, /d/, /j/, /f/, /v/, /l/
5 år /l/, /k/, /g/, /ng/
6 år /r/
7 år /s/ etter tannfelling
9 år /kj/, /skj/

Punkta i tabellen er ikkje normer, men må verte sett på som retningsgivande.

Dersom det er bekymring for barnet sitt språk før fylte fire år, kan ein kontakte PPT sitt barnehageteam.

Om det innanfor lavterskeltilbodet vert avdekka at barnet kan ha eit større spesialpedagogisk behov, vil dette verte meldt frå om til skole/barnehage eller føresette, som kan melde saka til PPT for sakkyndig vurdering.

Kva kan vi tilby?

  • Logopedhjelp gitt som lavterskeltilbod med hjemmel i barnehageloven § 2 om barnehagen sitt innhald, eller med hjemmel i opplæringslova § 2-3 om innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa, og i forskrift til opplæringslova § 1-1 om innhaldet i opplæringa
  • Logopedhjelp gitt som spesialpedagogisk hjelp etter § 31 i barnehageloven, eller som spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova

Logopedisk opplæring som spesialpedagogisk hjelp

Dersom barnet/eleven har behov for logopedhjelp i større omfang og over lengre tid, eller der barnet har behov for anna spesialpedagogisk opplæring, vert logopedhjelpa gitt som spesialpedagogisk hjelp etter § 31 i barnehagelova eller som spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova.

Kvar får ein hjelp?

Logopeditilbodet vert i hovudsak gitt på kontoret til den einskilde logopeden. Det vert også gitt undervisning ute i skular og barnehagar i særskilde tilfelle. Undervisninga kan verte gitt digitalt for dei som ønskjer det, og den kan gå føre seg individuelt eller i gruppe. Det vert i tillegg gitt rettleiing til føresette og til personale i skule og barnehage ved behov.

Les meir om logopedtilbud for barn og ungdom her (PDF, 456 kB)

Undervisningsstad

Åsesvingen 14, 6017 Ålesund. (Vis-a-vis den nye legevakten)

Korleis søke?

  • Logopedhjelp som lavterskeltilbod:
    Barnehage/skule eller helsestasjon kan sende søknad til Ålesund vaksenopplæring, i samråd med føresette.
     
  • Logopedhjelp som spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning:
    Barnehage/skule eller helsestasjon melder saka til PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) Ålesund.

Søk om lavterskel logopedhjelp for barn

Kartlegging for logoped - lavterskeltilbud barn og ungdom

Krav til søknaden:

Høyrsel må vere sjekka før søknad om logopedteneste kan sendast inn.

Ansvarleg for tenesta