- Barn startar på skolen det året dei fyller 6 år.
- Alle barn som skal starte på skolen får brev frå nærskolen sin.
- Barnet/familien får brev frå- og er automatisk tildelt plass ved den skolen barnet høyrer til.
Alder for skolestart
Barn startar vanlegvis i grunnskulen det kalenderåret dei fyller 6 år. Opplæringsloven (§ 2-1) gir moglegheit til å søke om tidleg eller utsett skolestart.
Tidlig skolestart
Barn som fyller 5 år i perioden 1. januar til 31. mars kan søke om tidleg skolestart. Søknad skal sendast til skolen barnet høyrer til. Rektor sender deretter tilvising til PPT for ei vurdering.
Utsett skolestart
Utsett skulestart inneber skulestart det året barnet fyller sju år.
Barnet har rett til utsett skulestart viss det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starta på skolen.
Kontakt PPT for å få ei sakkyndig vurdering. Søknad og vurderinga sender du til rektor på nærskolen.
Tildelt skoleplass
Elevar får tildelt plass på nærmaste skule. Dette skjer elektronisk ut i frå folkeregistrert adresse.
Skolekretsar
Bytte skole
Innskriving i skulen for 1.-klassingar
Innskriving av elevar til første klasse skjer i januar det året dei skal begynne på skolen.
Nye elevar får brev frå sin nærskole med informasjon om skolen, og om når barnet og foreldra skal komme til skolen for å bli kjende.
Overgang barnehage til skole
Innskriving til skule skal gjerast i Føresettportalen
Målform i grunnskolen
Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål ved dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Føresette som ønsker eit anna opplæringsmål enn det som er vedtatt i skolekretsen, må melde frå om dette ved innskriving.
Når minst ti elevar på eit av årstrinna 1 - 7 i kommunen ønsker skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har desse elevane rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtar foreldra, med vanleg fleirtal, kva for skole som skal gi tilbodet.