- Elevar kan søke permisjon frå skolen for ein periode på inntil to veker - ti skoledagar.
- Rektor behandlar permisjonssøknaden.
- Søknad må sendast minst éin månad før elevpermisjonen skal starte.
Alle har rett til å søke permisjon frå skolen
I opplæringslova heiter det at: "Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker".
Sjå forskrift om permisjon frå skulen i Ålesund kommune (PDF, 168 kB)
Når permisjonen blir innvilga fråskriv elevane seg retten til opplæringa i den perioden.
Kor mange dagar kan du søke om?
Du kan søke om permisjon frå skolen i inntil to veker (ti skoledagar) per skoleår.
Det er opp til skolen å vurdere om ein elev skal få innvilga permisjon. Skolen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte elev å få fri.
Når kan eleven få permisjon?
Det blir ikkje gitt permisjon i perioder med førebuing og gjennomføring av:
- Statlege kartleggingsprøver
- Nasjonale prøver
- Eksamenar, munnleg og skriftleg
- Prøver og vurderingssituasjonar slik det går fram av skolen sin terminplan/prøveplan
Det er ikkje vanleg å gi permisjon til ferie, treningssamlingar eller liknande, eller når eleven har udokumentert fråvær. Sjå skoleruta
Permisjon elevar har krav på
- Medlemmer av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til fri på heilagdagar for sitt trussamfunn dersom dei søker om permisjon.
Vi kan innvilge permisjon for
- Spesielle arrangement og markeringar (politisk arbeid, organisasjonsarbeid, familehendingar/feiringar)
- Idrett og kulturell konkurranse/stemne på høgt nivå
Søknadsfrist
Søk om permisjon i god tid før de ønsker permisjon, helst tre veker før.
Søknad
For 1-3 dagar: Kontaktlærar kan innvilge permisjonen.
For 4 - 10 dagar: Søknad om skolefri