Samiske barn (barn av forelder/foreldre som står i eller har rett til å stå i samemanntalet) har ein lovfesta rett til å få opplæring i samisk, sjølv om dei bur utanfor det samiske forvaltningsområdet.
I Kunnskapsløftet 2020 - samisk (Udir) beskrives læreplanene i samisk.
I fag - og timefordelingen går det fram kor mange timar elevane skal ha i samisk:
- Elever med samisk som 1. språk:
- 1.-4. trinn: Minst 642 årstimer á 60 minuttar, i snitt 160,5 timer per år
- 5.-7. trinn: Minst 312 årstimer totalt for trinnet, i snitt 104 timer per år
- 8.-10. trinn: Minst 284 årstimer totalt, i snitt 94,7 timer per år
- Elever med samisk som 2. språk
- 1.-7. trinn: Minst 608 årstimer totalt, i snitt 87 timer per år
- 8.-10. trinn: Minst 228 årstimer totalt, i snitt 76 timer per år
Korleis få tilbodet?
Er du samisk elev og ønskjer samisk undervisning må du melde frå til skolen din. Elevane og føresette veljar sjølv kva for eit av dei tre samiske språka - nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk - dei ønsker opplæring i, og elevane kan veljar samisk som første eller andre språk.
Ålesund kommune har nokre få elevar som får samisk opplæring i nordsamisk og tilbyr fjernundervisning i samarbeid med Kautokeino Kommune. Elevar får også tilbod om ei veke hospitering i Nord-Noreg i hausten eller våren.
Meir informasjon
Opplæringsloven: Kapittel 6 - samisk opplæring
Samisk i skolen (udir.no)