Søk plass på forsterka opplæringstilbod ved Hatlane skole

Elevar med nedset funksjonsevne og store samansette lærevanskar kan få eit tilrettelagd opplæringstilbod ved Hatlane skole. 

Kort fortalt

  • Elevar som blir søkt hit har i hovudsak avvik frå ordinær læreplan i alle fag og har behov for omfattande tilrettelegging av skoledagen
  • Foreldre søker skriftleg. Søknadsfrist er 1.oktober.
  • Foreldra kan søke plass frå barnet skal begynne i 1. klasse, og tilbodet gjeld frå 1. – 10. klasse.

Alle elevar har rett til å gå på nærskolen. Dette er fastslått i opplæringslova. Eleven sin nærskole har plikt til å vareta retten eleven har til eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

I Ålesundskolen er inkludering ein grunnleggande verdi, og så langt det let seg gjere skal alle elevar få begynn på sin nærskole ved overgang frå barnehage til skole.

I tillegg til dette har Ålesund kommune eit forsterka opplæringstilbod ved Hatlane skole. Dette tilbodet er tilrettelagt for elevar med store generelle lærevanskar, medrekna psykisk utviklingshemming og elevar med nedsett funksjonsevne og store samansette lærevanskar.

Elevar som har en påvist kognitiv svikt og søker ei forsterka opplæring kan bli tatt opp ved dette tilbodet. Elevane vil ta del i ordinær undervisning når det er til det beste for eleven. Foreldra kan søke plass frå barnet skal begynne i 1. klasse, og tilbodet gjeld frå 1. – 10. klasse.

Slik søker du

Søk om forsterka opplæringstilbod ved Hatlane skole (PDF, 162 kB)

Søknaden må innehalde:

  • Sakkyndig vurdering frå PPT
  • Eleven sin Individuelle Opplæringsplan (IOP)
  • Nødvendige rapportar frå heimskole / barnehage
  • Namn på kontaktperson ved heimskole / barnehage
  • For skolestartarar må siste kognitive utgreiing frå barnehagen leggast ved.

Hatlane skole kan hente inn utfyllande informasjon ved behov.

Barnevernstenesta søker for barn dei har omsorgsansvar for ved å sende brev.

Søknaden skal sendast til Hatlane skole v/rektor, med kopi til team oppvekst.

Fristen for å søke plass er 1.oktober året før skolestart. Søknadane vil bli behandla innan 1. desember.

Slik blir plassane tildelte

I tildelinga av plass skal elevane sitt beste leggast til grunn. I vurderinga av eleven sitt beste blir også samansetting av gruppa som heilskap inkudert som eit vurderingskriterium.

Eit inntaksteam blir oppnemnt av kommunedirektøren, og inntaksprosessen startar når søknadsfristen går ut.

Ansvarleg for tenesta