Individuell tilrettelegging i grunnskolen

Viss du som forelder er bekymra for at barnet ditt ikkje får godt nok utbytte av opplæringa, kan du krevje at skulen undersøkjer om barnet treng individuell tilrettelegging.

Spesialundervisning

I den nye opplæringslova er begripen "spesialundervisning" bytt ut med "individuell tilrettelegging".

Skulen skal tilpasse opplæringa for elevane, slik at dei har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dersom ein elev ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, kan eleven ha rett til individuell tilrettelegging. Individuell tilrettelegging kan bestå av éin eller fleire av følgjande rettar:

  • Individuelt tilrettelagd opplæring
  • Personleg assistanse
  • Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel

Kven har rett til individuell tilrettelegging?

Alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Individuell tilrettelegging er eit tilbod for elevar som treng noko anna enn den vanlege undervisninga. Individuell tilrettelegging er ein rett, men det må gjerast ei fagleg vurdering før retten trer inn.

Ta kontakt med skulen først, så tek dei kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for fagleg vurdering. Skolen må ha skriftleg samtykke frå føresette for å be om vurdering frå PPT.

PPT tek stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Viss eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging, skal PPT gjere ei heilskapleg vurdering av kva slags tilrettelegging eleven treng.

Rektor gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring med bakgrunn i den sakkunnige vurderinga.

Elevar som ikkje har rett til individuelt tilrettelagt opplæring, kan likevel ha rett til personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel. I slike saker er det ikkje krav om sakkunnig vurdering. Rektor gjer vedtak i desse sakene.

Slik søker du

Du skal alltid ta kontakt med skolen først. Viss du er usamd i avgjerda til skolen, kan du sjølv  ta kontakt med PPT.

Lovar og reglar

Kommunen pliktar å sørgje for individuell tilrettelegging.  Sjå kapittel 11 i Opplæringslova.

Du kan også lese meir i Rettleiar om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging» - link - Rettleier for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging | udir.no

Ansvarleg for tenesta