Undervisning i heimen

I Norge har barn opplæringsplikt. Opplæringa skal skje i offentleg eller privat skole, eller som undervisning i heimen.

Vi oppdaterer no rutine for å søke om heimeundervisning. Ta kontakt med din nærskole hvis du har du spørsmål.

 

Dersom du ut frå ideologi eller religion ønsker å undervise barna dine heime, kan du det under føresetnad av at innhaldet i undervisninga følger opplæringslova sine krav.

Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle barnet eller ungdommen inn til spesielle prøver. Dersom lova sine krav til heimeundervisninga ikkje er oppfylt, skal kommunen kreve at barnet begynner i skole.

Kriterium

Formell pedagogisk kompetanse er ikkje påkrevd. Innhaldet i undervisninga må følge bestemmingar gitt i opplæringslova med forskrifter. Privat heimeundervisning må avgrensast mot skoleverksemd. Dersom ein underviser andre sine barn, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.

Målgruppe

Foreldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.

Pris

Kommunen pliktar ikkje å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får undervisning i heimen. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning har ikkje rett til spesialundervisning.

Lover og retningsliner

Opplæringslova §2-1, §2-13 og §14-2.

Lover

Retningsliner

Om søknadsprosessen

Du melder frå skriftleg til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning. Ta eventuelt kontakt med skolen i den kretsen du bur.

Ansvarleg for tenesta