Alternativ opplæring på Stafsethneset skole

Stafsethneset skule er eit alternativt opplæringstilbod til ungdom som ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den ordinære undervisninga og treng ein variert skulekvardag. Skulen ligg på Vegsund og den består av eit hovudhus, stabbur, låve og eit naust.

Målgruppe

Tilbodet på Stafsethneset er for grunnskoleelevar i Ålesund kommune som går niande og tiande trinn og treng eit alternativt opplæringstilbod. Vi ønsker at elevane skal få prøve seg i den ordinære ungdomskolen før dei søker seg over til oss. Skoledagen på Stafsethneset er meir variert, men har likevel fast struktur.

Målsettinga er at eleven skal få best mogleg fundament til å gjennomføre skoleåret, og søke seg vidare utdanning. Eleven vil få tilbod om tilrettelagt lærekontrakt eller individuell opplæringsplan.

Kva tilbyr Stafsethneset skole?

Stafsethneset skole tek imot ungdom som treng ein alternativ opplæringsarena.
Undervisninga skjer i mindre grupper.
Dagane blir delte opp med teori på føremiddagen og praktisk arbeid etter lunsj. Skolen drar på fleire ekskursjonar, både friluftsturar,  kulturaktivitetar og på bedriftsbesøk.

Fag

Kvar veke blir det undervist i basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Faga KRLE, samfunnsfag, natur og miljø blir undervist i periodar, ofte i samband med tverrfaglege prosjekt.

Mat og helse inngår i praktisk arbeid. Ansvar for lunsj og ein varm lunsj per veke går på omgang mellom elevane. Vi et lunsj i fellesskap på skolen kvar dag.

Kunst og handverk blir hovudsakleg dekka gjennom snekring, tverrfaglege prosjekt og juleverkstad.

IKT inngår både i teoriundervisning og i praktiske oppgåver. Alle elevane har eiga datamaskin her på skolen, den brukar vi i undervisninga. I tillegg til bruk av retteprogram og andre pedagogiske hjelpemiddel, får alle elevane høve til å bli høyrt munnleg ved skriftlege innleveringar og prøver.

Arbeidspraksis

Det er sett av ein dag i veka til arbeidspraksis hos ekstern arbeidsgivar. Vi ordnar praksisplass etter avtale med eleven og føresette.
Arbeidstida er 5 timar, og blir godtgjort med 100 kroner for kvar gjennomført heil arbeidsdag.

Arbeidspraksis er på likestilt med ordinær undervisning og det er vanlege fråværsreglar som gjeld her. Skolen følger opp eleven kvar veke når det gjeld trivsel og meistring i arbeidspraksis.

Vurdering

Vurdering i løpet av skoletida og ved avslutninga i 10.klasse skjer etter gjeldande lover og forskrifter for grunnskolen, med talkarakterar frå 1- 6. Omfanget i teorifaglege skoletimar vil vere i noko mindre grad enn på eleven sin heimskole, som følge av vår vektlegging av formidling gjennom praktisk aktivitet.

Undervisninga er tilrettelagt det nivået elevane er på, noko som tilseier at undervisninga kanskje ikkje er av samme vanskegrad som klassetrinnet skulle tilseie. Alle elevar får eigen individuell opplæringsplan (IOP), med utrykte mål for kva eleven treng å arbeide med både fagleg og sosialt.

Ordinær skriftleg og munnleg avgangseksamen blir gjennomført på Blindheim ungdomsskole. Vitnemålet blir skrive ut av eleven sin heimskole, så det vil ikkje framkomme av vitnemålet at eleven har deltatt i alternativ undervisning ved Stafsethneset. At eleven har hatt eit alternativt undervisningsopplegg vil kome fram i IOP og pedagogiske rapportar.

Praktisk informasjon

  • Helsesøster:
    Helsesøster kjem jamnleg på besøk kvar veke, og etter avtale om eleven ønsker samtale utanom ordinær tid. Helsesøster har 10% stilling på Stafsethneset, det tilsvara ein halv dag kvar veke eller ein heil dag annakvar veke. 
  • Skoleskyss:
    Elevane får dekt reise til og frå Stafsethneset skole, samt til og frå arbeidspraksis på onsdagane.
  • Heim-skole samarbeid:
    Som skole ønsker vi ein open kontakt og eit forpliktande samarbeid med heimen. Dette fordi vi veit kor viktig dialog med føresette er for eleven sin framgang. Vi har kontaktmøte og foreldremøte to gongar i året, og elles ved behov.
  • Søknad til vidaregåande opplæring:
    Elevane ved Stafsethneset søker vidaregåande på same måte som andre elevar i kommunen, om ikkje anna er avtalt med eleven og foreldra. Søkeprosessen blir ivaretatt av Stafsethneset og heimskolen i et samarbeid.

Søk om plass ved Stafsethneset skule

Søknad skrivast i samarbeid mellom elev, føresette og heimskolen. Eleven treng sakkunnig vurdering og enkeltvedtak for å starte på skulen og får IOP (individuell opplæringsplan) ved skulen.

Stafsethneset har hovudopptak i slutten av april. Søknadsfrist for kommande skuleår er utgangen av januar. Det er løpande opptak om det blir ledig plass. Tilbodet er frivillig for eleven. Kjenner eleven at dette ikkje er det rette, er det mogleg å avslutte skoleplassen. Skolen kan avslutte elevens skoleplass ved brot på skolens regelment. Eleven blir då tilbakeført til heimskolen.

Eleven er saman med foreldre eller lærar velkommen til omvising på Stafsethneset.

Søk om plass ved Stafsethneset skole (DOCX, 161 kB)