Pris og betaling for SFODu betalar for SFO 11 månader i året. Du treng ikkje betale for plassen i juli, sidan SFO er stengt 4 veker. Dette kostar ein plass på SFO Kommunestyret har vedtatt nye plasstypar og prisar som blir gjeldande frå 1.august 2023: SFO - skolefritidsordning frå 01.08.2023 SFO - skolefritidsordning frå 01.08.2023 Plasstype Pris per månad Fem dagars plass 3 455 Fire dagars plass 2 937 Tre dagars plass 2 418 Kjøp av einskilddag (i særleg tilfelle) 266 12 tima gratis SFO Regjeringa har innført 12 timar gratisplass for 1. og 2. trinn, difor har barna på desse trinna moglegheit for gratisplass i SFO. Ålesund kommune har valgt å legge gratistimane til kvar dag rett etter skoledagens er slutt. Det vil sei 2 tima og 24 minutt kvar dag etter skoletida. Det er ikkje mogleg å samle opp timane. Om dei med gratisplass vil ha full dag i feriane må dei betale halv dagspris per dag dei nytta. For første og andreklassingar som har 5, 4 eller 3 dagars plass, reduserast prisen med 12 timar, dette skjer automatisk. (5 dagarsplass betalar 13/25 av vanleg pris, 4 daga 8/20 og 3 daga 3/15 del av vanleg pris. Redusert betaling Familiar eller hushaldningar med låg inntekt, kan søke om lågare pris for SFO-plassen. Du kan berre søke om reduksjon i prisen på plassen. Du skal betale for 11 månader og kostpengar kjem i tillegg. Redusert betaling i SFO skoleåret 23/24 Pris Husholdninga si samla inntekt 3455 kr 633 417 kr 2937 kr 538 450 kr 2418 kr 443 300 kr For einskilddag, som berre er aktuelt ved akutte/uventa behov, er prisen kr 266,- Slik søker du om redusert betaling Alle barn i SFO som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under 633.417,- kan ha rett til redusert foreldrebetaling i SFO. Du må søke om redusert foreldrebetaling og sende ny søknad kvart skoleår. For søknadar som kjem inn innan 1. august, vil reduksjon i foreldrebetalinga gjelde heile skoleåret. For søknadar som kjem inn frå og med 2.august, vil reduksjonen gjelde frå neste heile månad. NB! Søknaden vil ikkje bli behandla før dokumentasjonen er fullstendig. Alle med plass i SFO kan søke om redusert betaling for plassen sin. Slik søker du om redusert foreldrebetaling Du må søke om reduksjon i prisen. Det er hushaldninga si brutto inntekt som blir lagt til grunn. Inntektsgrensa er sett til 633.417,- for heil plass. Kostpengar kjem i tillegg og blir fastsett av styret/eigar for den enkelte SFO. Summen vil difor varier i dei ulike SFOane. Det skal betalast for 11 månader. Søk om redusert foreldrebetaling SFO skoleåret 2023 — 24 Når skal du betale SFO? Vi har følgande rutinar: Faktura med krav om betaling blir sendt til deg i starten av kvar månad. Det kjem ikke faktura for juli. Betalingsfrist er den 20. kvar månad. Ålesund kommune tilbyr betalingsordningar som avtalegiro og e-faktura. Søk om redusert foreldrebetaling SFO skoleåret 2023 — 2024Ansvarleg for tenestaTeam oppvekst Sist endra 01.12.2023 10.05