Godkjenning av barnehagar

Før ein barnehage kan settast i drift, må barnehagen godkjennast av kommunen. Ved store aktivitetsendringar i eksisterande barnehagar må det søkast ny godkjenning.

Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor barnehageeigarar som ønsker å etablere ny barnehage, utvide eksisterande drift eller ved andre endringar.

Når ein allereie godkjend barnehage gjer endringar av eit visst omfang, må barnehagen melde det til kommunen. Det er kommunen som avgjer om dette er ei endring som krev ny godkjenning. Viss ein barnehage flyttar til ein annan stad, vil endringane vere så stor at den opphavelege godkjenninga ikkje er gyldig lengre, og barnehagen må søkje på nytt.

Kommunen avgjer søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til talet på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive virksomheita i tråd med gjeldande regelverk, både med omsyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. Krava er mellom anna:

  • Barnehagen sine vedtekter skal gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid
  • For å sikre samarbeidet med barna sin heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
  • Barnehagen skal føre internkontroll

Når barnehagen er godkjent og i drift, gjennomfører kommunen jamnleg tilsyn med at gjeldande lov og regelverk blir fulgt.

Ansvarleg for tenesta

 

Ansvarleg for tenesta