Tilrettelegging i barnehage for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunens tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal dra nytte av barnehageplassen.

Kven har rett til tilrettelegging?

Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunne dra nytte av barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje også vert søkt om spesialpedagogisk hjelp.

Korleis søke om tilrettelegging?

Det er barnehagen, i samarbeid med barnet sine føresette som søker om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Dersom barnehagen meiner at eit barn kan ha krav på støtte til kommunal tilrettelegging i barnehagen, har barnehagen ansvar for å informere dei føresette.

Det er kommunen som gjer vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Søknader blir behandla kontinuerleg.

Ansvarleg for tenesta