Shutterstock
Kven er tilbodet for?
Tilbodet er for foreldre og føresette til ungdom og unge vaksne mellom 15 og 25 år som strevar med rus eller er i risiko for å utvikle rusutfordringar. Det kan vere foreldre som nyleg har oppdaga eller er bekymra for rusbruk, foreldre til ungdom som er i ei tidleg utforskingsfase, eller foreldre som har stått i meir etablerte rusutfordningar over tid.
Kva er det?
Parenthood Rus skal vere eit pusterom for foreldre som står i ein krevjande situasjon. Det å vere forelder til ein som strevar med rus kan innebere mykje bekymring, usikkerheit og vanskelege vurderingar. Mange saknar ein arena der ein kan møte andre foreldre som står i noko av det same.
Foreldre som tidlegare har delteke i slike grupper, trekkjer fram kor godt det kan vere å møte nokon som forstår kva ein står i, og sleppe å føle seg aleine. I gruppa er det rom for å lytte til andre sine erfaringar og dele erfaringar i den grad ein sjølv ønsker. Gjennom samlingane vil deltakarane også få fagleg påfyll om ulike tema. Erfarne fagpersonar blir inviterte inn for dialog, støtte, kunnskapsformidling og erfaringsdeling. Gruppeleiarane følger gruppa gjennom heile forløpet.
Korleis foregår gruppa?
- Gruppa vil bestå av 6-8 foreldre/føresette som møtest ein gong i veka
- Det gjennomførast totalt åtte samlingar à to timar
- Deltakarane er sjølv med på velje kva tema gruppa skal fordype seg i. Temaa blir valde frå ei liste som er utvikla med utgangspunkt i erfaringar og behov frå andre foreldre som har stått i liknande situasjonar.
Eksempel på tema kan vere:
- Å ta vare på seg sjølv. Handlar alt om rusen?
- Å stå i stormen når situasjonen eskalerer
- Det lokale ungdomsmiljøet –kva veit vi om det?
- Familie i krise – kva treng vi?
- Møte med hjelpetenester – kva treng vi og kvar finn vi det?
- Å sette grenser
Tilbodet er gratis, og det krevjer ingen forkunnskapar eller tidlegare erfaringar med gruppetilbod. Det skal vere trygt å delta, og ein viktig regel i gruppa er at personlege erfaringar som delast ikkje skal delast vidare utanfor gruppa.
Praktisk informasjon:
- Oppstart: Tirsdag 03. november 2026
- Omfang: 8 tirsdagar à 2 timar
- Antall deltakarar: 6-8 foreldre/foresatte
- Klokkeslett: Kl. 18.00-20.00
- Stad: Innbyggartorget Ålesund
- Det gjennomførast seks samlingar før jul, siste samling er 08. desember. Første samling etter nyttår er 05. januar 2027.
Kontakt og påmelding:
Utekontakten Katrine:
Telefon: 418 79 482
E-post: katrine.klauset@alesund.kommune.no
Én til én-oppfølging, Christina:
Telefon: 418 87 837
E-post: Christina.saetre.honningdal@alesund.kommune.no