Glennes foreldrerettleiingsprogram

For foreldre til barn med autismespekterforstyrring som ønskjer verktøy for betre samspel, meistring og ein tryggare kvardag.

Glennes foreldrerettleiingsprogram er eit strukturert og kunnskapsbasert rettleiingsprogram for foreldre til barn med autismespekterforstyrring. 

Målet er å styrkje foreldra sine ferdigheiter og gi konkrete verktøy som kan bidra til betre samhandling, auka meistring og ein meir føreseieleg kvardag for heile familien. 

Dette lærer du

Programmet tek for seg tre hovudområde: 

  • Sosial samhandling 
  • Tilrettelegging for læring 
  • Grensesetjing 

Rettleiarane byggjer vidare på det de allereie får til, og har fokus på positive og førebyggjande strategiar. De får hjelp til å finne løysingar som passar for barnet og familien dykkar.

Slik går programmet føre seg

Programmet blir gjennomført i grupper med 5 til 8 foreldre eller foreldrepar og går over 12 veker. Gruppa møtest éin gong i veka, og kvar samling varer i 2,5 timar.

På samlingane får de:

  • innføring i aktuelle tema innan samspel, læring og grensesetjing
  • trening i konkrete ferdigheiter saman med rettleiarane
  • oppgåver og verktøy de kan bruke heime mellom samlingane
  • rettleiing tilpassa barnet og familien sine behov

Kven passar programmet for? 

Programmet passar for foreldre som: 

  • har barn med autismespekterforstyrring 
  • ønsker å arbeide aktivt med samspel, læring og grensesetjing
  • kan delta på samlingane gjennom heile programperioden
  • har høve til å prøve ut oppgåver mellom samlingane 

Informasjonsmøte og påmelding

Tilbodet er gratis og krev ikkje vedtak. 

For å få meir informasjon om programmet og vurdere om det passar for deg og familien din, melder du deg på informasjonsmøtet via lenka under.

På informasjonsmøtet får du informasjon om innhald, gjennomføring og kva deltaking inneber. Deretter kan du ta stilling til om du ønskjer å melde deg på sjølve programmet.

Dersom de ønskjer meir informasjon, men ikkje har høve til å delta på informasjonsmøtet ta kontakt på e-post til Veiledande team på Stubben avlasting. 

Neste informasjonsmøte

Neste møte blir: 

  • Dato: 14. desember 2026
  • Tid: kl. 13.00
  • Sted: Rådhuset

Det er planlagt oppstart av nye grupper vinteren 2027.  

Meld deg på informasjonsmøte om Glennes foreldrerettleiingsprogram

Etter påmelding får du ein e-post med nærare informasjon om møtedatoar og gjennomføring. 

Ansvarleg for tenesta