Barn og unges helsetenesteBarn og unge som opplever psykiske helseplager skal få meir samordna og heilheitlege helsetenester gjennom samarbeidet “Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal” .Ålesund kommune deltek i satsingen "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal". Dette er eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket og alle dei fire poliklinikkane for psykisk helsevern for barn og unge (BUP) i Møre og Romsdal. Med samarbeid på tvers av kommunane og spesialhelsetenesta skal vi tilby meir samordna og heilheitlege helsetenester til barn og unge som opplever psykiske helseplager. Målsettinga er at barn og unge skal får rett hjelp, på rett stad, til rett tid. SamhandlingsforløpI satsinga "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal" har brukarane av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta saman med fagfolk samarbeidd om å utvikle samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike rollene og ansvarsområda til tenestene. Forløpa er først og fremst utforma for fagfolk i tenestene, men informasjonen er tilgjengeleg for alle. Det finst eigen informasjon for barn, unge og foreldre/føresette. Dei sju samhandlingsforløpa: Angst og bekymring hos barn og ungdom Autismespekterforstyrring hos barn og ungdom Bekymring for barn 0-3 år Kroppsleg uro og merksemdsvanskar hos barn og ungdom Spisevanskar og spiseforstyrringar hos barn og ungdom Triste følelsar og depresjonsplager hos barn og ungdom Vald, overgrep og omsorgssvikt Vil du vite meir?Barn og unges helseteneste arbeidar aktivt med ulike tiltak, på ulike nivå, for å bedre samhandlinga rundt barn og unge. Kompetanseheving knytt til dei psykiske helseplagene er eit av desse. Her kan du lese meir om Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal og ulike kurs og arrangement (helse-mr.no) Sist endra 07.08.2024 15.11