Bli besøksheim

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særlig tyngande omsorgsoppgåver.  

Kva er besøksheim?  

Besøksheim er ein familie som tek imot barn eller ungdom i helger og eventuelt ferier. 

Mange barn treng litt ekstra vaksenkontakt, eit utvida nettverk og fleire positive opplevingar i kvardagen sin. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak i regi av barneverntenesta, som skal bidra til å gi barn eit ekstra pluss i kvardagen. Samtidig kan det også fungere som avlasting for føresette og familiar som har behov for det.

Kven kan bli besøksheim?  

Vi ønsker familiar med trygge, stabile og tålmodige vaksne, som har tid og overskot til å vere til stades for barnet eller ungdommen. Vi treng familiar med og utan barn.

Ein må ta omsyn til at barna i oppdraget treng noko tettare oppfølging og meir merksemd enn barn og ungdom på same alder. De vil få rettleiing.

Oppgåvene du tek på deg som avlastar i besøksheim krev ikkje spesiell utdanning, kompetanse eller utstyr. Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.  

Kven er besøksbarna? 

Besøksbarna/-ungdommane er frå 0 til 18 år. Dei har ikkje nødvendigvis ein diagnose, men barn/ungdommar som er under tenestene til barnevernet har gjerne spesielle omsorgsbehov. Dei treng noko tettare oppfølging og meir oppmerksomhet, men dette varierer frå sak til sak.

Slik melder du deg til å bli besøksheim  

Om du ønskjer å bli besøksheim, skriv til oss og fortel litt om:

  • Kven består familien av?
  • Bustadsituasjon
  • Helse
  • Andre arbeidsforhold eller oppdrag i Ålesund kommune, som støttekontakt eller liknande

 

Informasjonen du gir oss, blir brukt i arbeidet med å vurdere deg og familien din som besøksheim.
På bakgrunn av informasjonen du gir, tek vi kontakt for å avtale heimebesøk eller samtale på kontoret vårt. Ved tilbod må ein legge fram gyldig politiattest (barneomsorgsattest).

Lønns - og arbeidsvilkår i avlastningsoppdrag er regulert av forskrift og tariffavtale.

Vi tek kontakt med deg etter at vi har mottatt søknaden. 

Ansvarleg for tenesta