Slik gjer du dersom du er uroleg for om barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa:
Ta kontakt med skolen.
Skolen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
- Skolen drøftar saka med PPT. Skolen drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar.
Melding til PPT.
Om eleven fortsatt har vanskar etter drøfting med og rettleiing frå PPT, kan skolen og foreldre melde behov for sakkunnig vurdering til pedagogisk-psykologis teneste (PPT). PPT undersøker kva behov eleven har og utarbeider sakkunnig vurdering.
Skolen finn oppdaterte skjema i samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med skolen eller PPT ved behov for rettleiing.
Rektor fattar vedtak.
Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for spesialundervisning, skal rektor fatte vedtak om at eleven skal ha slik undervisning.
Meir informasjon