Denne veka vart kontrakten signert med Biowater Technology AS, som skal levere og montere mellom anna pumper, ventilar og armatur, instrumentering, mekanisk utstyr for avløpsreinsing og røranlegg i rustfritt stål til Kongshaugen reinseanlegg.
Velprøvd og høg kvalitet
Prosjektleiar for Blå fjordar, Terje Endresen, fortel at kontrakten har vore lyst ut to gongar, for å få tilfredsstillande konkurranse om jobben, og kontrakt er no inngått på fornuftig marknadsmessig pris.
- Vi har fått ein leveranse med gode kvalitetsmessige løysingar.
Leverandøren har prioritert utstyr som sikrar god kvalitet og reduserer driftskostnader over tid. Dei har også eit godt utbreidd servicenett som er ein styrke i ein slik leveranse.
Endresen seier også at leverandøren gjennom samansetninga av utstyr som ligg i tilbodet har vist god forståing for behovet til oppdragsgivar og synleggjort på ein svært god måte korleis samansetninga av utstyret vil fungere og bidra til å innfri prosjektet sine mål.
Innsats for reinare fjordar og berekraft
Biowater Technology, med hovudkontor i Tønsberg og over 30 års erfaring innan avansert biologisk avløpsreinsing, leverer miljøvenlege løysingar til kommunar og industri over heile verda. No har selskapet inngått ein viktig kontrakt i Ålesund, som vil bidra til å redusere utslepp og sikre reinare fjordar for framtidas generasjonar. Dag Kibsgaard-Petersen, seier at når dei leverer teknologi for biologisk avløpsreinsing, så handlar det om meir enn infrastruktur.
Vi bidrar til å beskytte økosystema og sikre berekraftige vassressursar. Og at vi no får vere med på å forbetre vasskvaliteten i Ålesund-området, er ekstra spesielt for meg som har vakse opp på Kråmyra.
Viktig steg for innovasjon og miljøansvar
Kontrakten representerer et viktig steg i Biowater Technologys arbeid med å kombinere innovasjon og miljøansvar.
- Vi er glade for å kunne bidra til reinare fjordar og eit betre miljø for komande generasjonar. Dette er et tydeleg eksempel på korleis vi jobbar for å redusere miljøavtrykk og fremje sirkulær økonomi, seier Kibsgaard-Petersen.
Arbeidet med installering av maskin og prosess-utstyr startar etter sommaren.
Markering av at siste kontrakt for Kongshaugen reinseanlegg er signert. F.v. Terje Endresen, prosjektleiar, Ingunn Osdal Stette, assisterande kommunalsjef samfunn, Dag Kibsgaard-Petersen, dagleg leiar Biowater Technology, Stefan Kjørvik, Commercial Manager og Jan-Ove Nilsen, Senior Project Manager.