Vi heidrar familien Steinfeld

På Holocaustdagen 27. januar heidrar vi familien Steinfeld med ei markering som omfattar avduking av minneplakett, utstilling på Aalesunds museum og bokbad med Dag Steinfeld på Ålesund bibliotek. 

Snublesteiner for familien Steinfeld i Ålesund - Klikk for stort bilete Gry Støre

Gjennom markeringa set vi fokus på historia til familien Steinfeld og på korleis Holocaust ramma enkeltmenneske – også her i vår eiga region. Arrangementet gir eit viktig historisk perspektiv som koplar dei store, europeiske hendingane til dei lokale liva som blei råka.

– Historia deira minner oss om kor viktig det er å verne om både demokratiet og menneskeverdet. Når vi heidrar dei på no, løfter vi fram liv som blei brutalt brotne – og samstundes forpliktar vi oss til å stå opp mot hat, forfølging og rasisme også i dag, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand. 

Program måndag 27. januar 

  • Kl. 17.00 – Aalesunds museum
    Opning av utstilling om familien Steinfeld. 
  • Kl. 18.00 – Steinfelds plass, Kongens gate
    Avduking av minneplakett over familien Steinfeld ved ordførar Håkon Lykkebø Strand. 
    Kultursjef Gro Dalen leiar arrangemente.
    Innlegg ved Dag Steinfeld på vegner av familien. 
    Innlegg ved Åsta Vadset, rådgivar for private arkiv ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal: Lea Steinfeld – mor, hustru og sanitetskvinne. 
    Musikalsk innslag ved Ulrik Refsnes Lerstad. 
  • Kl. 19.00 – Ålesund bibliotek
    Bokbad med Dag Steinfeld om boka Mannen som gjekk fri, som kastar nytt lys over politiinspektør Knut Rød og deportasjonen av norske jødar i 1942. 
    Samtaleleiar: Inger Christine Årstad frå Aalesund museum. 
    Høve til å kjøpe signerte bøker i samarbeid med Norli etter samtalen.

Om boka Mannen som gjekk fri 

Gjennom omfattande dokumentasjon viser Dag Steinfeld korleis Knut Rød, leiar i Statspolitiet, organiserte deportasjonen av norske jødar til Auschwitz-Birkenau. Trass i rolla si vart han frikjend etter krigen og fekk stillinga si att i politiet.  

Boka belyser korleis den krigen prega rettsoppgjeret, og korleis namngjevne motstandspersonar med høge utmerkingar også hadde aktive roller i jødeaksjonen. Dette er ei rystande og viktig bok som stiller spørsmåla: Korleis kunne dette skje – og korleis kunne Rød gå fri?