Vedlikehaldsarbeid i brosteinsgatene i Ålesund sentrum

Ålesund kommune gjennomfører no vedlikehaldsarbeid i fleire av brosteinsgatene i sentrum. Vi fyller på med sand mellom brosteinane for å sikre at dekket held seg stabilt og ikkje blir brote ned over tid.

gravemasking og anna anleggsutstyr i forbindelse med vedlikehald av brostien - Klikk for stort bileteBrosteinen treng påfyll i sandfugene for å halde seg stabil over tid Ålesund kommune

Dei fleste brosteinsgatene i sentrum får ein runde med vedlikehald i løpet av inneverande veka og starten av neste veke (veke 15 og 16).

Strekninga frå Hellebroa til Kirkegata og opp Kirkebakken er allereie ferdigstilt. Torsdag 09. april står området ved St. Olavs plass og Løvenvoldbakken for tur. I dagane som følger skal det bli lagt ut sand i Apotekergata og ved Aksel Holms plass, og dessutan i Tollbugata og Storgata.

Kommunen prøver å gjennomføre mest mogleg av arbeidet på dagtid, likevel blir det nok også noko arbeid kveldstid. Det kan bli aktuelt å stenge enkelte gater midlertidig når arbeidet skal skje. Samla sett er målet å redusere ulempene for alle som bruker byen.