Det er tid for vårrydding, og Ålesund kommune tilbyr å hente herrelaust Rusken-avfall som vert samla inn langs vegar og stiar og i friområde.

Vil du vere med på aksjonen og få avfallet henta, så må du melde det inn i perioden mellom mellom veke 16 og 20 (13. april - 17. mai) og seinast to dagar før henting til e-post: post@attvin.no
Her må du melde inn:
• Arrangør (til dømes ei velforeining eller skule).
• Kontaktperson for hentinga.
• Fullt namn og telefonnummer.
• E-postadresse.
• Nøyaktig henteadresse. Berre eitt hentepunkt.
• Ønska hentedato i samsvar med renovasjonskalender og vekedag for henting i dykkar sone i veke 18 eller 20.
Henting av avfall
Henting av avfall skjer berre etter avtale.
Kommunen vil hente avfallet på vanleg renovasjonsrute for restavfall og maksimalt fem meter frå vegkant der renovasjonsbilen køyrer.
Avfallet må vere samla i handterlege og gjennomsiktige sekkar, og vere sett fram til køyrbar veg. Du må sjølv sørge for gjennomsiktige avfallssekkar.
Sekkane skal ikkje innehalde større gjenstandar eller stein, metall, elektronikk, farleg avfall eller hageavfall.
MERK: Avfall som ikkje er i sekk, vert ikkje tatt med. Dette må du sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand.
Hageavfall kan leverast gratis på miljøstasjonen din heile året.

Lag arrangementsside for Rusken-aksjonen din
Vil du lage arrangementside for for ryddeaksjonen dykkar, så lag ei her i Friskus (bruk qr-koda):
Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er avfall frå strandrydding. Her er det eigne ordningar gjennom Hold Norge Rent. Sjå www.ryddenorge.no for meir informasjon.