Deltakarar og initiativtakarar til arrangementet om Verdas vanndag. F.v.: Themba Baloyi, Nina Bjørnvold Bakken, Razak Seidu, Bjørn Skulstad, Russel Burch Primeau, Lam Van NguyenVatn er hjartet i livet, helse og berekraftig utvikling. Likevel er det mykje som står igjen.
For eksempel manglar 2,2 milliardar menneske tilgang til trygt vatn. Og det går i størst grad ut over kvinner. Dei bruker mykje tid på å hente vatn, arbeide med vatn og pleiar dei som har blitt sjuke av dårleg vatn. Dette gir kvinner større risiko og færre mulegheiter på område som utdanning, økonomisk deltaking og samfunnsutvikling.
Verdas vanndag
FNs sin vanndag er kvart år den 22. mars. I år handlar det om at vatn og sanitærforhold si rolle i likestilling; «Where water flows, equality grows». I år blir dagen markert mandag 23. mars på NTNU i eit fellesarrangement mellom NTNU Ålesund og Ålesund kommune. Samlinga er opa for alle som ønsker å høyre meir om temaet.
Programmet med første innlegg startar klokka 10 og varer til 13.15. Samlinga skal vere i bygget Ankeret på romet Brosundet. Det blir både innlegg og panelsamtale. Deltakarane kjem frå NTNU, kommunen og internasjonale samarbeidspartarar og det blir innlegg både på norsk og engelsk.
Meir om FN sin vanndag og årets tema finn du her.