
Reinseanlegget på Hessa treng vedlikehald. For å unngå trøyttheitsbrot må ein bytte presskrue og slitestål. Då må slampressa demonterast og anlegget vert ute av drift medan arbeidet vert gjort.
Det er planlagt at arbeidet vil ta to dagar. I desse dagane vert avløpsvatnet fordelt mellom andre reinseanlegg og nokre pumpestasjonar der må må sleppast direkte i sjøen. For å fordele belastninga på fjorden/resipienten, vert utsleppet spreidd frå pumpestasjonane i Korsvika aust og Tangskjæret i tillegg til nødoverløp frå reinseanlegget på Hessa.
Statsforvaltaren er kjent med at kravet til reinsing ikkje blir overhalde i denne perioden. Dei viser også til at det er gjort vurderingar av natur- og brukarinteresser.
Før hekketid og badesesong
Ved å spreie utsleppet på fleire stader minkar ein påverknad på uer, tjeld og tareskog som kan bli påverka av større punktutslepp frå reinseanlegget på Hessa. Når arbeidet blir gjort i mars, unngår ein også hekketida som er seinare på våren.
Det er heller ikkje badesesong slik at det ikkje blir tatt ekstra prøver av sjøvatnet anna enn om kommunen blir gjort merksame på bruk av badeplass.
Kommunen oppmodar folk om å unngå unødvendig aktivitet i fjøra akkurat medan arbeidet pågår og i nokre dagar etterpå.
Utsleppet vil gi auka belastning på fjorden/resipienten, men ein fjord der det ikkje er registrert oksygenmangel gode forutsetningar for nedbryting av det organiske stoff frå utsleppet.
Sjølv om Statsforvaltaren er kjent med arbeidet som skal gjerast, blir det gitt melding om at det likevel skal registrerast avvik på utsleppet.