Ung og engasjert?

Ungdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling. Har du lyst å være med?

Jente med ropert - Klikk for stort bilete Shutterstock

Kven kan bli med i ungdomsrådet?

Alle mellom 14 og 18 år som bur i Ålesund kommune kan søke om å bli medlem. Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ha lyst til å engasjere deg og seie meininga di om saker som gjeld barn og unge! 

Vi ønsker at alle kommunedelane i kommunen skal ha medlemmar i rådet.

Kva gjer ungdomsrådet? 

Ungdomsrådet er ei partipolitisk uavhengig, lovfesta ordning for medverknad som skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.

Det er viktig at ungdom sjølv får bestemme. Sidan ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølv kan stille til val, har dei få høve til å seie si meining og påverke politiske avgjersler. Det er berre ungdom sjølv som veit kva ungdom meiner om ulike saker, seier Kristin Torine Amdam, som er kommunen sin koordinator for ungdomsrådet.

Ungdomsrådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar.

Dei møtest 6 - 8 ganger i året, og møta varer 2-3 timar. Du må også setje av tid til å lese sakspapira før møta. Medlemmene får møtegodtgjersle (betaling) for å delta.

Som medlem i ungdomsrådet i Ålesund kommune forventar vi at du:

  • stiller opp på møta, deltek aktivt, og melder forfall om du ikkje kan komme
  • møte førebudd, les referat og sakspapir
  • snakkar med andre ungdom om ønska deira - og tek med deg dette inn i møta
  • er aktiv i rådsmøta og seier di meining
  • blir med på til dømes workshop/arbeidsgrupper og andre aktivitetar i tillegg til møta i ungdomsrådet

Sjå kven som er med i ungdomsrådet no, møteplan og dokument.

Rettleiar for ungdomsråd

Slik søker du

Søknadsfristen er 15.desember. Når søknadsfristen har gått ut, tar vi ein prat med aktuelle kandidatar.

Foreslå kandidat til ungdomsrådet 2026-2027