Ei bøsse samlar i gjennomsnitt inn heile 2300 kroner.
Mikkel Strøm/NRK
Årets TV-aksjon går av stabelen 18. oktober og går til Flyktninghjelpa. Saman skal vi gi over 400 000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar søndag 18. oktober og samlar inn pengar til TV-aksjonen. Folk kan vippse til 2133 eller gi kontantar.
Møtet på trappa når du går med bøsse for TV-aksjonen er både viktig og hyggeleg. Det skaper tillit og minner folk på at det er TV-aksjon. Mange ser fram til å få besøk av bøsseberarane, og du får høve til å svare på spørsmål. Det styrkjer også kjensla av å bidra. Når folk gir pengar til deg personleg, får dei umiddelbart gleda av å ha gjort ein positiv forskjell.
Visste du at éi bøsse i gjennomsnitt samlar inn heile 2300 kroner? Det betyr at kvar einaste bøsseberar gjer ein enorm forskjell. Ta med deg barna, barnebarna eller ein ven, og gå årets viktigaste søndagstur 18. oktober. Det tek berre to timar.
La deg inspirere av Jonas, Jens og familien i Moss og få dei beste tipsa deira til bøsseturen!
Vi i Ålesund kommune treng DEG som bøsseberar 18. oktober.
Meld deg på her