Trøbbel med søppel i do

I nokre område i Ålesund blir det no kasta mykje filler og anna søppel i do.  Det lagar store problem for rørsystemet - og for deg.

pumpe med full av filler rundt - Klikk for stort bileteFerskt eksempel frå arbeid med å rydde opp etter at folk har kasta filler i do. Ei slik floke av filler stansar og i verste fall øydelegg pumpene i pumpestasjonane.

Den siste tida har vi måtte sende ut melding i nokre område i Ålesund på grunn av filler og anna søppel som bli kasta i do.

Vi minner om at det kun er tiss, bæsj og dopapir som skal i do.

Kastar du matrestar, olje og feitt i do, inviterer du rotter og andre skadedyr heim til deg.

Våtserviettar, filler, q-tips, bind og anna søppel gir også trøbbel.

Dette tettar rør og gir stans i pumpene våre, som gjer at vi i snitt rykker ut ein til to gongar for dag for å ordne opp i det folk har kasta i do. Det er unødvendig arbeid, kostar dyrt - og må til slutt betalast av innbyggarane. 

Dovettreglar

Tiss, bæsj og dopapir er det einaste som skal i do!
Ikkje kast våtserviettar, q-tips og feitt i do! Det tettar igjen røra.
Stivna feitt og andre matrestar skal i matavfallet.
Ha bossbøtte på badet slik at du kastar bosset i bøtta i staden for i do.   


Meir informasjon