Tom dam og kokevarsel i Solnørdalen

Det er oppdaga at høgdebassenget i Solnørdalen er tomt og det er sendt kokevarsel til nokre titals husstandar i området.

Onsdag 19. mai  kl 14.30: Høgdebassenget i Solnørdalen er tomt og verksemd for vatn og avløp har ute folk for å finne feilen.

Tomt høgdebasseng kan gi trykkfall og auka risiko for innsug av forureina vatn i leidningsnettet. Difor er det sendt ut kokevarsel som eit føre-var-tiltak til nokre titals adresser i Brauta og Solnørdalen. Dette er gjort i samråd med kommuneoverlege og Mattilsynet er varsla.

Varsling med sms

Det blir tatt prøver etter at leidningsnettet er spylt ut. Deretter tek det eit par dagar før ein får svar og kokevarselet kan vurderast på nytt. 

Dei det gjeld har fått sms og vil etterkvart bli oppdaterte med ny sms. 

Bur du i området, men ikkje har fått sms? Her kan du lese meir om korleis du sikrar at du får viktig informasjon frå kommunen. 

Saka her på nettsida blir også oppdatert etterkvart som vi har meir informasjon.

Gode råd ved kokevarsel (også på engelsk, polsk, litauisk og ukrainsk) finn du her.