Godt samarbeid for studentbyen Ålesund: Frå venstre Andrej Michael Hinsverk, Maria Myklebust Olsen, Madelen Nymoen, Jon Steven Hasseldal, Kari Hellebust Buvarp og ordførar Håkon Lykkebø Strand under presentasjonen av SHoT 2026-resultata på rådhuset.
Ålesund kommune
Studentane rapporterer om betre livskvalitet, færre psykiske plager og mindre einsemd enn landsgjennomsnittet. Dei gir også gode tilbakemeldingar på studentmiljøet, fadderordninga og mottakinga som nye studentar. Heile 91,8 prosent opplever at dei vart godt tekne imot ved studiestart.
– Det er svært gledeleg å sjå at pilene peikar i rett retning på mange område. Dette viser at vi har fått til mykje gjennom eit godt samarbeid mellom kommunen, studentsamskipnaden og utdanningsmiljøa. Samstundes ser vi at det framleis er område vi må arbeide vidare med, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand.
Samtidig peikar undersøkinga på nokre utfordringar. Studentane er mindre nøgde med kulturtilbodet, kollektivtilbodet, helsetilbodet og utelivstilbodet enn studentar elles i landet. Nesten éin av fem oppgir også at dei ofte saknar nokon å vere saman med.
Potensialet er stort
– Vi skal halde fram med å utvikle møteplassar og styrkje samarbeidet mellom studentane, kommunen og næringslivet. Potensialet er stort, og det skjer stadig ting som bidreg til å gjere Ålesund til ein endå betre studentby, seier Håkon Lykkebø Strand.
SHoT er Noregs største undersøking om studentar si helse, trivsel og levekår. I 2026 deltok over 54 000 studentar frå heile landet.