Stenger BorgundfjordstienVi skal legge rør ut frå den nye pumpestasjonen på Åse og må difor stenge Borgundfjordstien frå onsdag 19. august. I samband med bygging av Kongshaugen reinseanlegg bygger vi ny pumpestasjon ved Åse reinseanlegg. Den nye pumpestasjonen skal no knytast saman med sjøleidningar og andre installasjonar i leidningsnettet. Då må vi stenge Borgundfjordstien, for å gjere nødvendig grunnarbeid på ein trygg måte.Fjordstien vert stelt i stand igjen etter vi er ferdige og vi ventar at stien kan opnast igjen i november. Stenging og alternativ passering vert skilta på byggegjerda som kjem opp på tvers av fjordstien både i retning mot parkeringsplassen i aust og bom i vest. For di eiga sikkerheit, ber vi om at du respekterer stenging av stien og følger skiltinga. ArbeidstidByggearbeida skal pågå i ordinær arbeidstid og støyande aktivitetar er avgrensa til tidsromet mellom klokka 9 og 15.I sommar var det kranselag og feiring av tett tak på pumpestasjonen på Åse. No framover blir det montert pumper og teknikk inne i huset i tillegg til ferdiggjering utandørs. Det blir mellom anna eit friareal for publikum med parkanlegg i det som no er asfaltert parkeringsplass framfor dagens reinseanlegg. Arbeidet med pumpestasjonen skal etter planen vere ferdig i løpet av året. Har du spørsmål eller treng å kome i kontakt med byggeleiar, kan du ringe telefon 98 62 30 34. Sist endra 18.08.2026 12.33