I år blir regjeringa representert under markeringa ved digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Oldernes Tung.
I tillegg blir stortingsrepresentantane Mahmoud Farahmand og Monica Molvær med på markering av dagen saman med ordførar Håkon Lykkebø Strand og varaordførar Jessica Gärtner.

Jessica Gärtner, seier ho er glad for at Ålesund får besøk av regjeringa for å løfte og markere denne viktige dagen. Ho er også glad for å ha med stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand som med både sin bakgrunn og medlemskap i Stortingets delegasjon til Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har djupt innblikk i og stor forståing for kor viktig det er å markere frigjeringsdagen.
- I ei stadig meir uroleg verd, vert det stadig viktigare å feire friheita og heidre norske veteranar sin innsats både under andre verdskrig og nyare, internasjonale operasjonar. Vi treng å bli minte både om innsatsen som er gjort og det vi må gjere i dag for å sikre sjølvstyre, demokrati og fred i verda.
Velkomen til markeringane
Jessica Gärtner håper mange blir med på markeringane som skal vere rundt i kommune.
- Vi avsluttar dagen med ei samling for veteranar og innbedne gjester. Elles er alle arrangementa gjennom dagen opne og vi ønsker velkomen til alle som vil vere med på samlingane.
Program for 8.mai-feiringa 2026:
- Kl. 08.20: Sandøytunet, flaggheising
- Kl. 08.35: Harøy Kyrkje/gravplassen, blomster og tale, begge minnesmerkene og graven til den ukjente soldat.
- Kl. 09.15: Harøy skule, markering
- Kl. 11.10: Ørskog kulturhus, tale og blomster ved minnestøtte reist ved 50-årsmarkering etter frigjøring.
- Kl. 12.20: Skodje, Jentekolonien, tale og blomster ved minnesmerke
- Kl. 12.35: Skodje barne- og ungdomsskule, markering
- Kl. 13.25: Spjelkavik barneskule, markering
- Kl. 17. 00: Ålesund kirke, minnestund ved monumentet De falne til minne. Tale v/ordfører Håkon Lykkebø Strand. Korpset spiller og leder marsjen videre mellom de ulike minnesmerkene.
- Kl. 17.30: Skateflukaia, monumentet over Englandsfarten, samling. Hilsen v/leder Sofie Gjervik i Ålesund ungdomsråd og nestleder i Møre og Romsdal Røde Kors, Per Espen Soleim.
- Kl. 17.40: Skateflukaia, monumentet over Margit Johnsen (Malta-Margit), Skateflukaia. Samling med tale v/digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung.
- Kl 18.00: Skansekaia, minnesmerket over krigsseilerne 1939 - 1945, samling med hilsen v/Birger Flem og Steinar Klokk, på vegner av Aalesunds Skipperforening.
- Kl 18.45: Joachim H. Rønnebergs plass, samling ved Joachim H. Rønneberg-statue, tale v/stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand, medaljeutdeling til veteraner v/sjef Ålesund HV, major Karl Anton Lorgen.
Dagen vert avslutta med samling for inviterte veteranar med fleire i kommunestyresalen.