I denne sommarjobben samlar dei data som kan gjere by- og friluftsområde meir tilgjengelege og legg grunnlag for eit nytt visuelt verktøy for samfunnsplanlegging.
Framtidslaben sette i gang prosjektet gjennom ein søknad til Kartverket, og no er Framtidslaben i samarbeid med Ålesund kommune, Kartverket og Augment City ferd med å samle inn data over heile kommunen.
Anna ved siden av Otto-bilen som dei bruker til å kome seg rundt.
I fire veker skal dei to reise rundt i Ålesund med nettbrett og målestokk og kartlegge både by, bygd og friluftsområde. Prosjektgruppa er breitt samansett og har også kontakt med ulike brukargrupper som vil gi råd og innspel i tillegg til dialog med Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Blindeforbundet, Eldrerådet, Ungdomsrådet, Friluftsrådet, Handikapforbundet og Innbyggertorga i Brattvåg, Steinshamn, Sjøholt og Skodje.
Det er to engasjerte studentar som er på farta rundt om i kommunen:
Eg søkte på jobben på bakgrunn av at eg synes det å jobbe med berekraft er veldig spennande, og noko eg har lagt vekt på i utdanningsløpet mitt, seier biologistudenten Anna.
Jon Åge – som studerer statsvitskap, utdjuper:
Dette var ein kombinasjon av fleire faktorar, blant dei; ein spennande arbeidsgivar, ein god sak og ein sommar med jobb ute i naturen etter ein lang vår på heimekontor. Så langt har jobben møtt alle forventningane.
Begge er einige i at arbeidet både er spennande og viktig.
- Vi har halde eit høgt tempo, med få pausar og mykje kartlegging, fortset Jon Åge.
- Samtidig er det myke køyring, og reise til og frå målingsobjekt, så vi får naturlege pust i bakken utan dødtid. Så langt har eg opplevd det heile som både gøy og givande, og eg kjenner at sjølv når eg har fri leitar eg etter universell utforming i omgivnadane mine. Eg tar det som eit teikn på at eg trivt, smiler han.
Utandørs kartlegging
Prosjektet gjeld utandørs kartlegging og er todelt. Prosjektet ser på tilgjengelege gang/sykkelvegar til barneskulane i kommunen og skal få oversikt over kvar ein finn turområde som er tilgjengeleg for alle og kartlegge område som med litt tilrettelegging kan bli tilgjengeleg for fleire.
Dette er det mest spennande for meg, seier Anna.
I mange tilfelle ser vi område der små inngrep vil gjere inngangar eller turområde meir tilgjengeleg for rullestolbrukarar og synshemma. Det å få vere med å bidra til ei meir universiell utforming er veldig kjekt.
Kartlegginga blir registrert rett inn i Kartverket sin kartdatabase, og målet er å bruke kunnskapen inn i konkret forbetringsarbeid med å gjere nærmiljø i kommunen meir tilgjengeleg.
Nødvendig for nokre, nyttig for alle
Universell utforming handlar om at alle skal kunne ta seg fram i nærmiljøet utan å bli stoppa av unødige hindringar. Det gjeld for dei som er barn, dei som trillar barnevogn, dei med nedsett syn, høyrsel eller førlegheit og alle andre. Universell utforming er heilt nødvendig for nokre, men nyttig for alle.
Etter sommarens datainnsamling skal ein utforske nye måtar å visualisere korleis det er for personar med nedsett funksjonsevne å ta seg fram i området. Kartlegging og synleggjering av utfordringane er første steg på vegen til å gjere noko med det.
Gjennom denne datainnsamlinga kan ein få svar på spørsmål som kor mange kilometer tur/gangveg som er tilgjengeleg for personar med nedsett funksjon, eller kor mange friluftsområde som har parkeringsplassar for dei som nyttar rullestol. Målet med prosjektet er å gjere
Ålesund kommune betre rusta til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte. Universelt utforma nærmiljø er viktig for å stimulere til auka kvardagsaktivitet, inkludering, deltaking og dermed god folkehelse for alle.
Data som blir samla inn kan brukast til:
- Konkrete tiltak som å kutte ned hekkar/gjerde, merke opp i vegbane, sette opp skilt og lys, fjerne kantar og hol, sikre trygge overgangsfelt og så vidare
- Utarbeide tiltaksplanar for universell utforming
- Trafikktryggingsplan
- Informasjon til publikum
- Etablere parkering for dei som bruker rullestol , tilgjengelige toalett
- Studentoppgåver
- Geografiske informasjonssystem
- Arealplanverktøya i kommunen
- Statistikkproduksjon om utvikling av tilstand over tid
Begge studentane håper arbeidet dei gjer vil gje endringar:
Vi håper at data vi samlar inn kan brukast og bidra til at nærområde blir meir tilgjengelege for rullestolbrukarar og synshemma både i tettstader og ute i friluftsområde. Den fine naturen vi er omgitt av bør alle få nyte, og vi håper jobben vi gjer kan bidra til det.
Desse områda blir prioriterte (nummera i parentes indikerer prioriteringa om fire veker skulle vise seg å ikkje vere tilstrekkeleg med tid).
Skjema som viser prioriteringsrekkefølga for kartlegging
Sentrumsområde i Ålesund har fått lågare prioritet i denne runda, sidan det her blei gjennomført kartlegging i 2009. Mykje av dette datamaterialet er no forelda grunna endring i bybiletet sidan den gangen, så det er ønskeleg å oppdatere data herifrå om det blir tid i løpet av dei fire vekene studentane skal jobbe.