Slik ser det ut i Blå fjordar-prosjektet no

Det blir bygd på ei heil rekke stader i tillegg til reinseanlegget på Kongshaugstranda. Nokre plassar er vi heilt i startgropa medan andre plassar nærmar seg heilt ferdig. 

stort, raudt, uferdig hus med stillas rundt - Klikk for stort bileteÅse pumpestasjon

Nederst i saka ser du bilde frå ei heil rekke av stadene vi arbeider.

For å vere klar til prøvedrift og oppstart må vi køyre mange delar av prosjektet samtidig. Framdrifta er god og går som forventa.

Nederst i saka ser du bilde frå ei heil rekke av stadene vi har aktivitet og korleis det ser ut midtsommars 2026.

  • Larsgården –  grunnarbeid til pumpestasjonen er ferdig og det er klart for den delen av pumpestasjonen som skal vere over bakken.  
  • Breivika – stort sett ferdig. Pumper og utstyr er installert i pumpestasjonen og finpussen utomhus er stort sett unnagjort. 
  • Leidninga over Moa – ferdig ved golfbana også med «bonus-prosjektet», den nye gangvegen frå golf-området og nedover mot Furmyrhatlen. E136 er kryssa og siste strekk oppover mot ventilhuset ved Spjelkavik kyrkje står for tur.
  • Ventilhus ved Spjelkavik kyrkje –  har begynt å reise seg ut av byggegropa.
  • Ventilhuset ved Åsefjorden – her har vi feira tett bygg.  
  • Åse – Den nye pumpestasjonen har fått tett bygg og kranselaget er unnagjort. 
  • Vegsund – Stafsethneset. Pilot-strengen har gjennombora strekninga frå Vegsund til Stafsethneset. No er den store borekrona på veg tilbake frå Stafsethneset til Vegsund.   
  • Stafsethneset – rett over ferien startar arbeidet med ventilkummen. Når området her er ferdig, blir berre kumloket synleg.  

Sula kommune

  • Djupvika –  pumpestasjonen har fått ferdig støypt nederste del. Dekke og andre etasje ventar over ferien.
  • Langevåg sentrum, Stadsnesvegen – straks ferdig med legging av rør. Vi kryssar fingrar for at vi er i mål og kan opne vegen for trafikk før entreprenøren tek ferie om eit par veker. 
  • Pumpestasjon Langevåg. Vi har fått sett i gang arbeidet og Molvær barnehage har fått på plass sikringsgjerde med «kik-hol» så dei får følge med på arbeidet. 
  • Kippervika-Vågevatnet-Orkevika. Straumen er kryssa og første biten av sjøleidninga som skal gjennom vatnet er på plass. Arkeologiske utgravingar på strekket mot Orkevika startar i sommar.
  • Reinseanlegget på Kongshaugstranda – vi har kryssa vegen med røra som skal ut i sjø. Inne i berghallane veks dei fram dei store betongkonstruksjonane og reinsebassenga.
tomtearbeid - Klikk for stort bilete
hus med nylagt jord og asfalt rundt - Klikk for stort bilete
hus med nylagt jord og asfalt rundt - Klikk for stort bilete
betongarbeid og stillas - Klikk for stort bilete
asfaltert veg med gravemaskin bak - Klikk for stort bilete
gangveg med nylagt asfalt - Klikk for stort bilete
lite hus med uferdig uteområde - Klikk for stort bilete
stort, raudt, uferdig hus og heisekran - Klikk for stort bilete
raudt, uferdig hus med stillas - Klikk for stort bilete
anleggsområde, fjellboring - Klikk for stort bilete
anleggsområde med byggjerde - Klikk for stort bilete
byggjerde i tre - Klikk for stort bilete
byggjerde i tre og gravemaskin - Klikk for stort bilete
uferdig veg og gravemaskin - Klikk for stort bilete
uferdig veg og anleggsmaskin - Klikk for stort bilete
grøft med bustadblokk i bakgrunnen - Klikk for stort bilete
veg med refleksmarkørar - Klikk for stort bilete
vassleidning oppå anleggsområde - Klikk for stort bilete
betongelement på grunnplan i lite hus - Klikk for stort bilete
betongkonstruksjonar og anleggsområde i berghall - Klikk for stort bilete
lastebil og betongkonstruksjonar i berghall - Klikk for stort bilete
veg med anleggsområde på begge sider - Klikk for stort bilete