Slik kan du lese skattelista

No ligg skattelista for eigedomsskatt ute til offentleg ettersyn. I år er den digital, og ikkje i fysiske permar. På innbyggertorga og på Moa bibliotek kan du få hjelp til å søke i den. 

Kvinne leser brev - Klikk for stort bileteFoto av at ei kvinne les eit brev

​Les skattelista elektronisk

Skatteliste 2025 (PDF, 5 MB)

Fritakslista (PDF, 214 kB)

Her kan du få hjelp til å søke i eigedomsskattelistene:

  • Innbyggartorget i Ålesund: Ope måndag-fredag kl. 09.00-15.30.
  • Innbyggartorget på Skodje: Ope måndag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09.00-14.30.
  • Innbyggartorget på Steinshamn: Ope måndag-torsdag kl. 09.00-14.30.
  • Innbyggartorget på Sjøholt: Ope måndag-fredag kl. 09.00-14.30.
  • Moa bibliotek: Ope måndag-torsdag kl. 10.00-18.00, fredag kl. 10.00-16.00 og laurdag kl. 10.00-15.00.

Skattelista viser også eigedomar som er fritatt for eigedomsskatt etter §7a og b i Eigedomsskattelova, for 2025.

Skattesetel

Eigarar av skattepliktige eigedomar får tilsendt eigen skattesetel. Informasjon om takst og skatt finn du skattesetelen. Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert lagt ut til offentlig ettersyn. Skattesetelen har informasjon om korleis du kan klage på eigedomsskatten. Eigarar som meiner å ha krav på fritak må ta kontakt med kommunen.

Har du fått skattesetel?

Dersom du får varsel om digital post, er det viktig at du går inn og les dokumentet snarast mogeleg. Det kan vere problem med å opne post frå oss for brukarar av Digipost-appen på iPhone og iPad. Vi anbefaler deg å opne posten i nettleser, anten på mobiltelefon eller PC. 

Formannskapet kan i særlege høve setje ned/ettergje eigedomsskatten, jf. Eigedomsskattelova §28.

Lurer du på meir om eigedomsskatt, finn svaret på vår samleside.