Kristin Graskopf Ose
Torsdag 23. april klokka 17.00 møtest kommunestyret i bystyresalen på Ålesund rådhus. Du kan følgje møtet direkte på kommune-TV, eller sjå opptak i etterkant. Sakspapira og full oversikt over alle sakene finn du i møteportalen på kommunen si nettside.
Det som følgjer er samandrag av eit utval saker som skal behandlast:
13 pluss på vidaregåande skule
Kommunestyret skal behandle saka om “13 pluss”, som er eit tilbod om tilsyn og aktivtet før og etter skuletid for elevar med funksjonsnedsetjing i vidaregåande opplæring.
Kommunedirektøren tilrår at kommunen ikkje vidarefører dagens tilsynsordning i vidaregåande skule, fordi ansvar for skuleskyss og tilsyn i ventetid ligg hos fylkeskommunen. Samstundes skal elevar som ikkje kan vere aleine etter skuletid framleis få nødvendig helse- og omsorgstenester etter individuell vurdering.
Spjelkavik idrettslag - nytt kunstgras
Kommunestyret skal ta stilling til søknaden frå Spjelkavik idrettslag om kommunal garanti for nytt kunstgras.
Målet er å erstatte dagens grasbane med ei ny kunstgrasbane som skal gi betre banekapasitet og eit betre aktivitetstilbod for barn og unge. Kommunedirektøren tilrår at kommunen gir garanti for lån på inntil 6,85 millionar kroner.
Innbyggarforslag om Blå Kors Ålesund
Eit innbyggarforslag om å stoppe nedlegginga av Blå Kors Ålesund skal også behandlast.
Forslaget har fått over 300 underskrifter og ber kommunen stanse nedlegginga av bustadtiltaket til ei forsvarleg løysing er på plass. Kommunedirektøren tilrår at forslaget blir avvist, fordi saka allereie er behandla av kommunestyret i samband med budsjettvedtaket for 2026.