
Eigedomen vart kjøpt for å sikre og ta hand om dette området som ligg i nedbørsfeltet til drikkevasskjelda. Det er i tråd med forvaltningsstrategien for Brusdalsvatnet som har punkt både om oppkjøp av eigedomar og å redusere aktivitet rundt vatnet.

No har kommunen gjort området klart og skal startar sjølve rivingsarbeidet. Før oppstart er det gjort ei miljøkartlegging og lagt ein plan for korleis ein kan gjere dette utan uønska påverknad på drikkevasskjelda. Det betyr korrekt avfallssortering og at det er gjenbruk av godkjende massar; det som blir grave opp er også det som blir brukt til å stelle i stand området igjen.
Arbeidet skal gjerast ikkje langt frå ei elv som renn ned i Brusdalsvatnet.
Sårbart med aktivitet rundt Brusdalsvatnet
Leiar for driftsstøtte i verksemd for Vatn og avløp, Lars Andreas Slyngstad Lågeide, fortel at dette er noko dei er merksame på og at det har vore stort fokus på at ein ikkje skal forureine drikkevasskjelda.
Både elva og det at gardsbruket ligg i ei helling ned mot vatnet gjer at vi må vere ekstra merksame, spesielt når det er vått og mykje nedbør. Vi skal sjølvsagt følge med sjølve, men set også pris på om publikum seier i frå dersom dei oppdagar at elva og vatnet får unormalt mykje jord- eller gruspartiklar.
Slyngstad Lågeide seier også at dette viser kor sårbart det er med aktivitet rundt Brusdalsvatnet og viser til gode tiltak og vurderingar gjort av entreprenør og prosjektleiar i forkant av arbeidet.
Rivearbeidet tok til i starten av juni og skal etter planen vere ferdig før hausten. Området skal tilstellast og førast tilbake til natur.