Oppheva kokevarsel i Solnørdalen

Etter reine prøver to dagar på rad kan vi no oppheve kokevarselet for Solnørdalen. 

Fredag kl 10:15:

Vi opphevar kokevarselet etter at alle oppfølgingsprøver to dagar på rad er fine. 

Innbyggarane i området har fått sms-varsling om opphevinga. 

Oppdatering torsdag kl 14:15

Første prøver frå Solnørdalen er fine. Ingen funn av e-coli, koliforme eller intestinale enterokokkar. Vi må ha fine prøver frå to dagar på rad før vi kan oppheve kokevarselet. Svar på prøver frå dag to er venta fredag ettermiddag.

Onsdag 19. mai  kl 14.30: 

Høgdebassenget i Solnørdalen er tomt og verksemd for vatn og avløp har ute folk for å finne feilen.

Tomt høgdebasseng kan gi trykkfall og auka risiko for innsug av forureina vatn i leidningsnettet. Difor er det sendt ut kokevarsel som eit føre-var-tiltak til nokre titals adresser i Brauta og Solnørdalen. Dette er gjort i samråd med kommuneoverlege og Mattilsynet er varsla.

Varsling med sms

Det blir tatt prøver etter at leidningsnettet er spylt ut. Deretter tek det eit par dagar før ein får svar og kokevarselet kan vurderast på nytt. 

Dei det gjeld har fått sms og vil etterkvart bli oppdaterte med ny sms. 

Bur du i området, men ikkje har fått sms? Her kan du lese meir om korleis du sikrar at du får viktig informasjon frå kommunen. 

Saka her på nettsida blir også oppdatert etterkvart som vi har meir informasjon.

Gode råd ved kokevarsel (også på engelsk, polsk, litauisk og ukrainsk) finn du her.