Opna ny møtestad ved fjorden på Sjøholt

Opninga av sjøtrappa på Sjøholt samla mange til feiring med talar, song frå barnehagebarn og god stemning ved fjorden.

Ordføraren held tale framfor frammøtte - Klikk for stort bilete
Prosjektleiaren held tale framfor frammøtte - Klikk for stort bilete
Ordføraren held tale framfor frammøtte - Klikk for stort bilete
Dame held tale - Klikk for stort bilete
Ordføraren klipper snora - Klikk for stort bilete
Mange folk samla ved sjøen - Klikk for stort bilete
Barn på brygga - Klikk for stort bilete
Småbåthavn og sjøtrappen - Klikk for stort bilete
trapp, sjø og båter - Klikk for stort bilete
Grus, steiner, blomster og benk - Klikk for stort bilete

Det var stor interesse og godt oppmøte då den nye sjøtrappa på Sjøholt vart offisielt opna i dag, fredag 19 juni. Med talar, song frå barnehagebarn og servering av snacks, vart markeringa ei fin og inkluderande feiring av eit etterlengta prosjekt.

Opninga samla både innbyggarar, involverte i prosjektet og andre frammøtte som ville ta del i markeringa av den nye møteplassen ved fjorden. Under arrangementet var det talar frå prosjektleiar, Paul Arne Ulstein, entreprenøren Søvik & Skåravik, leiar i kommunedelsutvalet Runa Klock og ordførar Håkon Lykkebø Strand.

- Det er alltid kjekt å opne noko nytt. Men det er ikkje først og fremst fordi vi har bygd noko. Det er fordi vi har skapt ein stad der menneske kan møtast, sa ordføraren i sin opningstale.

Eit løft for sentrum og fjordliv

Sjøtrappa er ein del av arbeidet med stadutvikling på Sjøholt, der målet har vore å opne sentrum meir mot fjorden og skape attraktive møteplassar. 

Arbeidet med sjøtrappa starta i juni 2025, og prosjektet har hatt ei total utviklingstid på om lag åtte år.

Leiar i kommunedelsutvalet i Ørskog, Runa Klock, har følgt prosjektet heile vegen,  først som prosjektleiar for tettstadsutviklinga i Ørskog kommune, og no som folkevald.

Ho fortalde i sitt innlegg at området historisk har vore ein viktig møteplass, der ein tidlegare både tørka fisk og hadde ei trapp innanfor ein molo. Denne møteplassen forsvann då moloen vart øydelagd av orkanen i 1991.

Opnar sentrum mot fjorden

Sjøtrappa er eit konkret tiltak for å opne sentrum meir mot fjorden og styrke sjøfronten som opphalds- og møtestad.

 - Målet har vore å opne sentrum endå meir mot fjorden og skape ein attraktiv møteplass for både innbyggarar og besøkjande, sa ordførar Håkon Lykkebø Strand.

Planarbeidet for Sjøholt har over tid hatt som mål å utvikle ein levande fjordlandsby med gode møteplassar og sterkare kopling til sjøen.

Trappa skal bidra nettopp til dette, som ein stad for opphald, aktivitet og kvardagslege møte.

- Denne sjøtrappa handlar om meir enn betong, treverk og konstruksjonar. Ho handlar om å gi folk ein stad å setje seg ned, ta ein pause, møte naboen og kjenne nærleiken til sjøen, sa ordføraren.

Ein møteplass for framtida

Den nye sjøtrappa skal bidra til meir liv i hamneområdet og vere ein stad for alle generasjonar.

- Eg håper denne plassen blir fylt med det viktigaste av alt: menneske, samtalar, latter, aktivitet og gode minne, sa ordføraren.

Etter den offisielle opninga vart det servert snacks, og mange tok i bruk den nye møteplassen langs fjorden.

Ordføraren nytta også høvet til å takke alle som har vore involverte i prosjektet – frå tilsette i kommunen til entreprenørar og planleggjarar.
- No er det ikkje lenger berre ein plan eller ein illustrasjon. No er sjøtrappa her, sa ordføraren, før opninga vart formelt markert.