Open samtale om livet etter sjølvmord

Torsdag 10. september inviterer Ålesund bibliotek til ein open samtale om sjølvmord, sorg og livet vidare som etterlaten.

Solveig Kloppen og Kjartan Brügger Bjånesøy kjem til Ålesund bibliotek torsdag 10. september. Jarran Flokkmann og Agnete Brun

Arrangementet markerer Verdsdagen for sjølvmordsførebygging og blir gjennomført i samarbeid med LEVE.

Kveldens gjester er journalist og TV-programleiar Solveig Kloppen og ektemannen, journalist og forfattar Kjartan Brügger Bjånesøy.

Om sorg, tap og openheit

Solveig Kloppen vil fortelje om korleis det var å miste systera si i sjølvmord, og om korleis sorga endra livet for henne og familien. Saman vil Kloppen og Bjånesøy snakke om sorg, tap og kor viktig det er å vere open om det som er vanskeleg.

Bjånesøy vil også trekkje inn erfaringar frå boka «Den siste vakten», som handlar om menneske i livets siste fase og dei som står dei nær. Etter samtalen blir det boksignering i samarbeid med Norli.

Samtale og musikk 

Samtalen blir leia av Robert Botn, som er forfattar og musikar. Han er kjend frå kulturscena i Ålesund, mellom anna gjennom framsyninga Psykt Poetisk, og arbeider til dagleg som lærar i norsk og religion og etikk i vidaregåande skule.

Det blir også musikalsk innslag ved Maria Bjørkavoll, kjend frå The Voice.

Gratis og ope for alle

Arrangementet er støtta av SpareBank 1 SMN, Sparebanken Møre og Kjell Holms stiftelse.

 

Praktisk informasjon

  • Kva: Livet etter sjølvmord – samtale med Solveig Kloppen og Kjartan Brügger Bjånesøy
  • Når: Torsdag 10. september 2026
  • Tid: Kl. 19.00–20.30
  • Stad: Ålesund bibliotek
  • Pris: Gratis og ope for alle