Nytt om faktura for vassmålar

Når fakturaen for vannmålar kjem i mars, er det med fleire endringar frå forrige års oppgjersfakturaer.

Faktura for kommunale gebyr for 1. termin 2026 blir sendt ut 20. mars  og får fleire endringar frå det folk som har vassmålarar er vande med.

Det eine gjeld endring av meirverdiavgift for gebyr på vatn og avløp. Regjeringa kutta i fjor denne avgifta frå 25 til 15 prosent. Det gir folk ei innsparing på mange hundre kroner for ein gjennomsnittsbustad, men det gir også ein noko meir uoversiktleg faktura denne gongen.

Både forbruk og forskotsgebyr betalt for 2025 må splittast i to fordi ein hadde ein sats for meirverdi før 1. juli 2025 og ein sats etter 1. juli 2025. 

Nytt fakturasystem og ny avlesingsmetode

I tillegg har kommunen tatt i bruk eit nytt system for faktura og gebyr. Det skal spare både tilsette og innbyggarar for arbeid, mellom anna ved at det er enklare for folk å melde inn målarstanden berre med ein sms og ingen lenker å trykke på. 

Men, det nye systemet gir også endringar på fakturaen når det gjeld forskotet for neste år. Tidlegare var forbruk for forrige år automatisk lagt inn som forskot til neste år, medan det no vert rekna ut frå den datoen du sist leste av vassmålaren og kor mange dagar det har gått. Det blir likt og rett frå år til år, men det vil sjå litt annleis ut på fakturaen.