No skal glassrommet bli grønt! 

Måndag 28. august startar byromsprosjektet til duo SØVIK & FAGERMO opp i glassrommet i Korsatunnelen. Her skal dei arbeide med plantemateriale og nytte heile høgda. – Det er ein draumesituasjon å ta i bruk dette unike rommet på denne måten, seier duoen.

To kvinner saman med blomster.  - Klikk for stort bileteRagnhild Søvik til venstre og Solveig Fagermo til høgre.


- Arkitekturen i dette rommet inviterer til å arbeide med klatrande-, hengande og svevande monteringsløysingar og med dette framheve rommets unike karakter.  Vi har lyst til å følge linjene og løfte blikket opp mot lyset som kommer inn. Vi ønsker å skape et rom som kan gi assosiasjoner til et orangeri. Eit offentlig rom i Ålesund sentrum som gir ly for vind og vær, eit sted  for ei pause under glasstaket, seier Ragnhild Søvik. 


Glassrommet er i utgangspunktet eit overbygd uterom som holder veret ute.  Eit planteprosjekt handlar veldig mykje om vatn. Derfor har vi eksperimentert mykje med ulike måtar å få distribuert vatn og næring til plantane, seier SØVIK & FAGERMO.  
 

- Vi er full av forventning til å starte opp på måndag og vi gleder oss verkeleg. Og vi oppmodar alle til å kome innom og sjå på arbeidet både når det startar opp, og oppleve rommet i dei komande vekene, seier duo SØVIK & FAGERMO. 

Orangeriet – eit vertikalt grønt prosjekt 

Kurator Liv Dysthe Sønderland har dette å seie om prosjektet:  


-    Ideen om eit vertikalt grønt prosjekt i glasshuset vekka kuratorane si interesse av fleire grunnar. Det er både naturleg og riktig å rette merksemda oppover mot den rause takhøgda i dette rommet. Overlyset inviterer også til levande planter og grønt. Det har fleire innspel fra befolkninga også føreslått. Natur, vekstar og grønt har ein udiskutabel rolle i utforminga av byane våre, men vi treng nokon som kan strekke ideane og visjonane utover de opplagte løysningane for beplantning. 

Om duo SØVIK & FAGERMO: 

Ragnhild Søvik er for dei fleste av oss kjent som billedkunstnar. Vi var nysgjerrige på korleis ho ville jobbe i eit heilt anna material. Det kan ofte føre til spennande nytenking fordi ein blir tvinga til å bruke erfaringa og kunnskapen sin på andre måtar. 

Solveig Fagermo på si side, er kanskje nettopp kjend som ein kunstnar som har mot til å kaste seg uti nye utfordringar og for å velje materiale og form alt etter det ho har å melde. 
Ved å foreslå eit samarbeid mellom to såpass ulike kunstnarskap kan noko heilt nytt oppstå. Med Fagermos risikovilje og ofte vågale uttrykk og Søviks sanseligheit og fintfølande blikk skal det bli spennande å sjå kva som kjem på plass i glasshuset i Korsatunnelen denne veka.